Hopp til innhold
BKK
  • bkkmobil.no
  • Languages
  • Nettstedskart
  • Feilmelding
  • Kontakt oss

Anlegg og utbygging

Du er her: bkk.no » Om oss » Anlegg og utbygging » Kraftnett » Modalen - Mongstad

Siste nytt

Her finner du siste nytt om prosjektet.

Visualisering av kraftleidningar

BKK ynskjer å byggja kraftleidningar med så få og små konsekvensar for miljøet som mogleg. VR-teknologi er eit nytt verktøy i dette arbeidet.

Ny kraftleidning Modalen - Mongstad

Ein ny kraftleidning frå Modalen via Matre til Mongstad er siste etappe i arbeidet for å tryggja kraftforsyninga i regionen. Vi oppmodar kommunar, grunneigarar og andre til å engasjera seg i prosjektet.

Foto: David Zadig 
Leidningen mellom Nygard i Modalen og Mongstad i Lindås får følgjer for fem kommunar: Austrheim, Gulen, Lindås, Masfjorden og Modalen.

Ved årsskiftet 2008/2009 sende BKK ei melding til Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) om at planleggingsarbeidet er i gang. Vi tek sikte på å senda søknad om konsesjon i 2010.

Informasjonsfaldar - våren 2009 (pdf 746 kB)
Melding frå BKK - 2008 (pdf 1,6 MB)
NVE si informasjonsside om prosjektet

Kvifor ny leidning?

- Kraftnettet på Vestlandet må styrkjast for å takla auka forbruk og produksjon. Saman med den planlagde leidningen Mongstad-Kollsnes vil Modalen-Mongstad sikra kraftforsyninga i regionen inn i framtida, seier konserndirektør Øivind Torkildsen i BKK.

Aktuelle kommunar

Den nye kraftleidningen vil få verknader for kommunane Austrheim, Gulen, Lindås, Masfjorden og Modalen i varierande grad.

Status og framdrift

Vegen fram mot ein ny kraftleidning er ein lang prosess. Det er styresmaktene som avgjer om, og i kva form, tiltaket skal gjennomførast.

Kart og trasear

Her finn du både kart over skissene til aktuelle trasear frå dei første informasjonsmøta, og karta som følgjer den offisielle meldinga til NVE.

Informasjon til grunneigarar

BKK ønskjer ein open dialog med grunneigarane undervegs i arbeidet. Ein eigen grunneigarkontakt tek imot innspel og spørsmål.

Sentrale dokument

Her vil du finna brev, melding, konsesjonssøknad, utgreiingar og andre aktuelle dokument etter kvart.

Kontakt oss om Modalen - Mongstad

BKK vil gjerne høyra dine synspunkt på prosjektet. Vi tek alle innspel og kommentarar med i det vidare arbeidet.

 

Funksjoner for deling og utskrift av denne siden:

E-post Twitter Facebook LinkedIn Lag PDF Utskriftsversjon
BKK er eid av Statkraft og 17 kommuner på Vestlandet - Bergen, Askøy, Lindås, Fjell, Sund, Kvam, Meland, Radøy, Voss, Øygarden, Austrheim, Vaksdal, Gulen, Høyanger, Fedje, Masfjorden og Granvin.