Hopp til innhold
BKK
  • bkkmobil.no
  • Languages
  • Nettstedskart
  • Feilmelding
  • Kontakt oss

Anlegg og utbygging

Du er her: bkk.no » Om oss » Anlegg og utbygging » Strømnett » Modalen - Mongstad » Legg til rette for 420 kilovolt

26.01.2010

Legg til rette for 420 kilovolt

Statnett har bede BKK leggja til rette for 420 kilovolt spenning på dei nye leidningane mellom Modalen, Mongstad og Kollsnes. Slik kan ein overføra meir energi utan å endra på master og leidningar.

 

BKK planla i utgangspunktet å byggja leidningane Mongstad-Kollsnes og Modalen-Mongstad med 300 kilovolt spenning. No har Statnett, som er ansvarleg for det nasjonale sentralnettet, bede BKK om å ta høgde for 420 kilovolt spenning.

- I framtida vil 420 kilovolt overta som standard i sentralnettet. Fordelen med å auka spenninga er at ein kan overføra 40 prosent meir energi i dei same leidningane. Vi har kome til at det er rett å leggja til rette for 420 kilovolt frå dag 1, sjølv om det kan gå mange år før det vert aktuelt å driva anlegga med høgare spenning, fortel prosjektansvarleg Øystein Randal Berge.

Krev større areal
- Kva praktisk skilnad er det mellom 300 og 420 kilovolt?

- Master og leidningar vert nett dei same, og byggeforbodsbeltet langs leidningen like breitt. For transformator- og koplingsanlegg vert det trong for noko større areal. Dette vil vi utgreia nærmare før vi søkjer konsesjon. Magnetfelta kring leidningen er avhengig av straumstyrken, og vil ikkje auka som følgje av høgare spenning, seier Berge.

Før ein kan driva leidningane Modalen-Mongstad-Kollsnes med 420 kilovolt spenning, må fleire av dei andre store leidningane inn til regionen byggjast om. Dette er eit omfattande arbeid som vil ta mange år.

 

Funksjoner for deling og utskrift av denne siden:

E-post Twitter Facebook LinkedIn Lag PDF Utskriftsversjon
BKK er eid av Statkraft og 17 kommuner på Vestlandet - Bergen, Askøy, Lindås, Fjell, Sund, Kvam, Meland, Radøy, Voss, Øygarden, Austrheim, Vaksdal, Gulen, Høyanger, Fedje, Masfjorden og Granvin.
Chat med oss

Vennligst oppgi din e-postadresse.


Start Chat

Det er for øyeblikket ingen tilgjengelige kundebehandlere.

Send e-post til vårt kundesenter >