Du er her: Forside » Om oss » Anlegg og utbygging » Kraftnett » Modalen - Mongstad » Nytenkjande mastedesign
28.01.2010
Kan ny mastedesign vera eit avbøtande tiltak som gjer kraftleidningen mindre skjemmande?
Mange meiner dei tradisjonelle kraftmastene er dominerande i landskapet og ønskjer alternative løysingar. Landskapstilpassa mastedesign vert trekt fram som eit tiltak for å dempa det visuelle inntrykket.
BKK har hyra inn selskapet Widenoja Design for å utgreia korleis master og stasjonar kan tilpassast landskapet best mogeleg. Widenoja Design jobbar for tida med eit utkast til ei limtremast (sjå illustrasjon) i Eikemodalen i Masfjorden. Her vert kraftleidningen synleg over eit større område i eit ganske ope landskap.
Det er langt fram til ein eventuell søknad om bygging av slike master. Aller først må den nye mastetypen gjennom grundig testing av kvalitet og tryggleik. Ny og framtidsretta mastedesign kan ikkje gå på bekostning av sikker straumforsyning.
Eksempel på mastedesign: