Du er her: bkk.no » Om oss » Anlegg og utbygging » Strømnett » Mongstad - Kollsnes
BKK har søkt konsesjon for ein ny 300 (420) kilovolt-leidning mellom Mongstad og Kollsnes. Leidningen vil sikra straumforsyninga til Kollsnes og resten av Bergensområdet. I januar 2011 innstilte NVE på at BKK bør få konsesjon. Søknaden er sendt Olje- og energidepartementet for vidare handsaming.
Mongstad-Kollsnes i korte trekk - last ned faktaark (april 2011)
Olje- og energidepartementet på synfaring langs traseen 24.-25. mai.
Vestlandet treng kraftleidningen mellom Mongstad og Kollsnes for å førebyggja omfattande og kostbare straumbrot.
Høgspenningsleidningar på 300 kilovolt kan byggjast som luftleidning, sjøkabel eller jordkabel.
Når BKK byggjer kraftleidningar, kjøper vi ikkje eigedomen anlegget skal stå på, berre ein rett til å byggja og driva anlegget.
Den nye kraftleidningen vil få verknader for kommunane Austrheim, Lindås, Radøy og Øygarden.
BKK vil gjerne høyra dine synspunkt på prosjektet. Vi kan ikkje garantera alle svar, men vil ta alle innspel og kommentarar med i det vidare arbeidet.