Du er her: bkk.no » Om oss » Anlegg og utbygging » Strømnett » Bergsdalen
Kraftleidningen på strekninga Dale - Hodnaberg vart bygt siste halvdel av 1950-talet. Alderen set sitt tydelege preg på leidningen, og han treng difor å fornyast.
BKK startar no arbeidet som skal munna ut i ein konsesjonssøknad, der me søkjer om å byggja ein ny 132 kV leidning til erstatning for den gamle leidningen. Ved å rusta opp kraftleidningen frå 45 kV til 132 kV vil nettet vera i stand til å ta imot småkraftproduksjon, og me får betre overføringsevne til andre strøk.
Vi utarbeider separate konsesjonssøknader for kvar av dei tre strekningane, men tilstanden på strekninga Fosse-Kaldestad tilseier at byggjearbeidet må starta her.
Leidningane tener i dag to føremål:
1. Tilknytning av eksisterande vasskraftproduksjon.
2. Han fungerer som reserveforsyning mellom Dale og Voss.
Tal kilometer kraftleidning og første driftsår:
» Dale - Fosse: 4,2 km / 1954
» Fosse - Kaldestad: 8,9 km / 1958
» Kaldestad - Hodnaberg: 13,5 km / 1959
» Til saman: 26,6 km
Her kan du lese nyttig informasjon om magnetfelt.
Aktuelt no:
Me har gjennomført møte med grunneigarar og kommunar.
Her finn du sentrale dokument for fornying av kraftleidningen på strekninga Dale - Hodnaberg.