Hopp til innhold
BKK
  • bkkmobil.no
  • Languages
  • Nettstedskart
  • Feilmelding
  • Kontakt oss

Anlegg og utbygging

Du er her: bkk.no » Om oss » Anlegg og utbygging » Strømnett » Kleppe - Horsøy

Ny kraftleidning til industrianlegget på Horsøy

BKK har søkt konsesjon for å bygga ein ny 132 kilovolt kraftleidning mellom Askøy transformatorstasjon på Kleppe og Horsøy på Askøy. Bakgrunnen er at Framo Engineering er i gang med å etablera eit nytt industrianlegg på Horsøy.

Horsøy industriområde sett frå Krokåsvågen.Horsøy industriområde sett frå Krokåsvågen.  Framo Engineering skal saman med Statoil byggja eit testanlegg for fleirfasekompressorar for våtgass. Dette krev ein større kapasitet i straumnettet enn den eksisterande 22 kilovolt-leidningen til Horsøy kan handtera.

Aktuelt no:

Oktober 2011
Søknad om tilleggskonsesjon vert lagt på høyring. Frist: 18.11.2011.
Skjema for merknader ligg på NVE sine nettsider. Du kan også sende e-post til: nve@nve.no, eller brev til: Norges vassdrags- og energidirektorat, Postboks 5091 Majorstua, 0301 Oslo.

September 2011
BKK sende søknad om tilleggskonsesjon til NVE 27. september. Alle grunneigarar vert varsla med brev (sjå brev og vedlegg her).

August 2011
BKK utarbeider ein søknad om tilleggskonsesjons for kabelalternativ, og vil etter planen senda den til NVE (Norges vassdrags- og energidirektorat) i september.
Informasjonsbrev vert sendt til alle nye grunneigarar.

Juni 2011
BKK sende tilleggsutgreiing til NVE (sjå brevet her).
BKK Nett har motteke brev frå NVE der dei ber oss om å vurdera å konsesjonssøkja kabelalternativ.

Sentrale dokument

Her finn du sentrale dokument for bygging av ny kraftleidning til industrianlegget på Horsøy.

Status og framdrift

Her finn du informasjon om status og framdrift for Kleppe-Horsøy

 

Funksjoner for deling og utskrift av denne siden:

E-post Twitter Facebook LinkedIn Lag PDF Utskriftsversjon
BKK er eid av Statkraft og 17 kommuner på Vestlandet - Bergen, Askøy, Lindås, Fjell, Sund, Kvam, Meland, Radøy, Voss, Øygarden, Austrheim, Vaksdal, Gulen, Høyanger, Fedje, Masfjorden og Granvin.