Du er her: bkk.no » Om oss » Anlegg og utbygging » Kraftverk og vassdrag » Andre vassdrag » Måren kraftverk
Måren kraftverk i Høyanger kommune vart opna i 2010, og har ein årleg produksjon på om lag 21 GWh. Det tilsvarar energiforbruket i om lag 1050 einebustader.
Utbygginga er eit samarbeid mellom Høyanger kommune og BKK, der BKK er utbyggjar og eigar av kraftverket.
Nordens djupaste sjøkabel
Av omsyn til landskapsoppleving og biologisk mangfald er det sett krav om minstevassføring på 300 liter/sekund om sommaren og 140 liter/sekund om vinteren.
For å få ut krafta var det behov for ein vel ni kilometer lang sjøkabel frå Måren til Nordeide. Med djupne ned mot 1270 meter vart dette Nordens djupaste sjøkabel.
Erstattar gammalt kraftverk
Kraftverket erstatta eit gammalt kraftverk som utnytta eit mindre fall i elva. Det gamle kraftverket som vart sett ut av drift i 1983, hadde inntaksdammen på same stad i elva som det nye.
Kraftstasjonen er plassert like innanfor ferjekaien på Måren, der BKK har lagt til rette for eit fint utemiljø.
Fordeler for lokalsamfunnet
Ein andel av avkastninga i prosjektet vart tilbakeført til lokalsamfunnet gjennom fond og avbøtande tiltak:
Måren kraftverk med det nye forsamlingshuset i framgrunnen.
| Tekniske data | |
|---|---|
| Kraftverk | Måren |
| Kommune | Høyanger |
| Nedslagsfelt | 20,9 km2 |
| Tilsig | 56,6 mill m3 |
| Rørgate, støpejern | 1070 m |
| Tverrsnitt rørgate | 100 cm2 |
| Fallhøyde | 292 m |
| Ytelse | 5,5 MW |
| Turbin | Pelton |
| Midlere årsproduksjon | 21 GWh |
| Ferdig utbygd | 2010 |
Stiftet i 1920 og eies av Statkraft og 17 kommuner på Vestlandet. BKK er et av Norges største selskaper innenfor produksjon, engrosomsetning og transport av elektrisk kraft. Ca. 5 prosent av landets totale vannkraft produseres av BKK.