Hopp til innhold
BKK
  • bkkmobil.no
  • Languages
  • Nettstedskart
  • Feilmelding
  • Kontakt oss

Anlegg og utbygging

Du er her: bkk.no » Om oss » Anlegg og utbygging » Vannkraftutbygging » Beinhelleren

Beinhelleren

Ei overføring av vatn frå øvre delar av Ekso til Evanger kraftverk kan gje straum til om lag 3500 einebustader. Prosjektet vert sett i samanheng med ein heilskapeleg miljøplan for vassdraget, som ligg i Vaksdal kommue.

Beinhelleren, pumpestasjonen er planlagt på nedsida av vegen.Beinhelleren, pumpestasjonen er planlagt på nedsida av vegen.  Ved å installera ei pumpe i Beinhelleren kan vatnet løftast 100 meter opp til driftstunnelen som går til Evanger kraftverk. Vatnet får då 779 meter fall ned til Evanger. Det er skissert ulike alternativ for overføringar, og avhengig av løysing kan dette gje inntil 70 GWh ny kraft når straumforbruket i pumpa og tapt produkjson i Myster kraftverk er trekt frå.

Miljøplan
I Ekso er det nokre stader problem med flotgras og gjengroing. BKK har starta eit prosjekt for å betra på dette, i tett samarbeid med Eksingedalen Bygdaråd. Ei utbygging av Beinhelleren vil inngå i ein heilskapleg miljøplan for området, slik at det både skal gje betre miljø og meir fornybar energi.

Fem alternativ
BKK har lagt fram fire ulike alternativ for overføring til Evanger, og Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har lagt til eit femte (alt. E):

A: Beinhelleren pumpe inkl. Fjellanger og to bekkeinntak i Kvanndalen
B: Beinhelleren pumpe inkl. Fjellanger, men utan bekkeinntak i Kvanndalen
C: Beinhelleren pumpe eksl. Fjellanger, men inkl. to bekkeinntak i Kvanndalen
D: To bekkeinntak i Kvanndalen
E: Beinhelleren pumpe inkl. to bekkeinntak i Kvanndalen, men utan overføring av Fjellanger og Nedre Blåvatnet.

Utgreier konsekvensar
Prosjektet er tidlegare meldt til Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), som har laga eit program for kva konsekvensar som skal utgreiast. Grundige undersøkingar er i gang, der eksterne konsulentar utfører alle miljøvurderingar. Arbeidet med konsekvensutgreiingar skal skje i nært samråd med berørte partar, myndigheiter og ulike interesseorganisasjonar. Når arbeidet er ferdig, vil BKK ta stilling til kva alternativ det eventuelt skal søkjast konsesjon for.

Publikasjonar
NVEs program for konsekvensutgreiing
Kart over området

Kontaktpersonar

Her finn du kontaktpersonar i BKK og NVE.

Filmer om vannkraft

Her kan du få svar på hvordan produksjon av vannkraft fungerer i praksis.

 

Funksjoner for deling og utskrift av denne siden:

E-post Twitter Facebook LinkedIn Lag PDF Utskriftsversjon
BKK er eid av Statkraft og 17 kommuner på Vestlandet - Bergen, Askøy, Lindås, Fjell, Sund, Kvam, Meland, Radøy, Voss, Øygarden, Austrheim, Vaksdal, Gulen, Høyanger, Fedje, Masfjorden og Granvin.