Hopp til innhold
BKK
  • bkkmobil.no
  • Languages
  • Nettstedskart
  • Feilmelding
  • Kontakt oss

Anlegg og utbygging

Du er her: bkk.no » Om oss » Anlegg og utbygging » Vannkraftutbygging » Matre H

Matre Haugsdal

BKK vil byggja om Matre Haugsdal kraftverk slik at det blir mogleg å produsera meir når prisane er høgast. I framtida vil vi sjå at prisane svingar meir over kort tid. Med større effekt kan Matre Haugsdal utnytta desse variasjonane og auka lønsemda.

Matre Haugsdal kraftverk har i dag tre aggregat på 32 megawatt kvar.Matre Haugsdal har i dag tre aggregat på 32 megawatt kvar.  Nær ti prosent av kraftproduksjonen til BKK skjer i Matre Haugsdal, som ligg i Masfjorden kommune. Vi har no planar for eit moderne kraftverk der det er mogleg med effektkjøring. Det betyr at vatnet kan kjørast ut raskare for å auka produksjonen når prisane er høge.

Eit oppgradert Matre Haugsdal vil få ein årleg kraftproduksjon på 597 GWh, som er 57 GWh meir enn i dag. Effekten skal nær doblast frå 96 til 180 megawatt (MW). Endeleg investeringsbeslutning blir tatt våren 2012. Eit oppgradert kraftverk er planlagt ferdig mot utgangen av 2014.

Har vurdert mange løysingar
Matre kraftverk består av to kraftverk i same maskinhall, der eitt utnyttar vassressursane i Haugsdalsvassdraget og det andre Matrevassdraget. I Matre Haugsdal står det i dag tre aggregat på til saman 96 MW. Kraftverket er gammalt og treng no omfattande reinvesteringar.

Mange ulike løysingar har vore vurdert: både oppgradering av dagens aggregat, ulike kombinasjonar med auka effekt og ein heilt ny maskinhall. Overslag viser at to nye aggregat på 90 MW kvar er den beste løysinga. Desse vil vi installera i ein helt ny maskinhall, og vi byggjer ny vassveg.

Elsertifikat
Det er lagt inn inntekter frå elsertifikat på auken i produksjonen. Saman med nye vurderingar av effektprising og sannsynlege klimaendringar med meir nedbør har det bidratt til ei løysing som både har høgare effekt og større energiproduksjon enn i dag.

To aggregat på 90 MW gir ein langt betre driftstryggleik enn eitt aggregat på 180 MW. Ved å byggja ny maskinhall kan utforminga skje med vår tids standard innanfor HMS.

Gode forhold for effektkjøring
I Matre ligger forholda godt til rette for effektkjøring. Inntaksmagasinet er tilstrekkeleg stort, og kraftverket har utløp til sjø. Det er gunstig fordi det då kan kjørast ut meir vatn gjennom kraftverket utan at vasstanden stig plutseleg nedanfor.

Filmer om vannkraft

Her kan du få svar på hvordan produksjon av vannkraft fungerer i praksis.

 

Funksjoner for deling og utskrift av denne siden:

E-post Twitter Facebook LinkedIn Lag PDF Utskriftsversjon
BKK er eid av Statkraft og 17 kommuner på Vestlandet - Bergen, Askøy, Lindås, Fjell, Sund, Kvam, Meland, Radøy, Voss, Øygarden, Austrheim, Vaksdal, Gulen, Høyanger, Fedje, Masfjorden og Granvin.