Du er her: bkk.no » Om oss » Anlegg og utbygging » Vannkraftutbygging » Samnangervassdraget
BKK har søkt konsesjon for eit nytt kraftverk i Aldalen og eit småkraftverk på Frøland. Det vil gje ein stor vekst i kraftproduksjonen i det allereie utbygde Samnangervassdraget.
Frøland kraftverk frå 1912 med nytt kontorbygg til høgre.
Det er eit godt miljøprosjekt. Utan behov for nye magasin får vi 80 nye GWh, som tilsvarar årsforbruket i 4000 einebustader.
Samnangervassdraget er regulert til vasskraft, og BKK har her sitt eldste kraftverk som ligg på Frøland. Kraftverket frå 1912 har stort behov for rehabilitering om det skal drivast vidare. Ei rehabilitering vil berre gje ein marginal vekst i produksjonen, og BKK har derfor sett på andre alternativ som vil få fram meir vasskraft. I lys av klimautfordringa er rein vasskraft meir verdifull enn nokon gong før, og det er viktig å utnytta dei utbygde vassdraga effektivt.
Grundig konsekvensutgreiing
Etter ei grundig konsekvensutgreiing av ulike alternativ har BKK prioritert eit nytt kraftverk inne i fjellet ved Aldal i kombinasjonen med eit småkraftverk på Frøland. I søknaden til Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) er det også søkt om eit underordna alternativ med nytt kraftverk i fjellet på Frøland, også dette i kombinasjon med småkraftverk i tilknyting til det eksisterande kraftverket på Frøland.
Eit nytt kraftverk i Aldal vil produsera 226 GWh årleg, og eit småkraftverk på Frøland vil produsera 11 GWh. Det vil erstatta Myra kraftverk og dagens kraftverk på Frøland. Nettoauken i vassdraget er 80 GWh. I dette talet er det også teke omsyn til tapt produksjon for Safa.
Kraftproduksjon for dei ulike alternativa:
|
Kraftprod. |
Prod.auke i vassdraget* |
|
|
Aldal kraftverk og småkraftverk på Frøland |
237 GWh |
80 GWh |
|
Nytt Frøland kraftverk og småkraftverk på Frøland |
182 GWh |
35 GWh |
*Ved utrekning av netto produksjonsauke er det teke omsyn til verknad på alle kraftverka i vassdraget i dag.
Status:
I september 2010 sendte BKK inn konsesjonssøknad til NVE, som sendte søknaden på høyring. NVE handsamar no søknaden og vil gje ei innstilling til Olje- og energidepartementet som førebur saka for avgjersle i regjeringa.
198 meter fall
Aldal kraftverk vil utnytta eit fall på 198 meter mellom Grønsdalsvatnet og Samnangerfjorden, og det er den auka fallhøgda ned til fjorden som er hovudårsaka til veksten i kraftproduksjonen. Aldalselva og Kvernelva vert ført inn på driftstunnelen som bekkeinntak. Byggjetida er om lag tre år for kraftverket, som medfører behov for ein ny 132 kilovolt kraftleidning frå Dalane til Frøland koplingsanlegg.
Frøland småkraftverk vil få vatn frå restfeltet mellom Grønsdalsvatnet og Fiskevatnet, og vil i hovudsak kunna bruka rørgater og anna infrastruktur som er etablert for dagens Frøland kraftverk.
Samla sett er utbyggingskostnaden for Aldal kraftverk og Frøland småkraftverk rekna til om lag 550 millionar kroner.
Utløp ved Aldalen
Aldal kraftverk vil få eit dykka utløp på om lag 50 meter under havoverflata og 150 meter frå land. På denne sida kan du sjå foto som viser omtrent kvar utløpet vil liggja.
Her finn du dokument i konsesjonshandsaminga, kart, brosjyar og andre relevante publikasjonar.
Her kan du få svar på hvordan produksjon av vannkraft fungerer i praksis.