Du er her: bkk.no » Om oss » Anlegg og utbygging » Vannkraftutbygging » Vossadalsvatnet
BKK ynskjer å bruka Vossadalsvatnet i Kvam til kraftproduksjon i Samnanger. Ved å overføra vatnet kan eksisterande kraftverk utnyttast, utan behov for nye demningar eller kraftleidningar.
Vasstanden i Vossadalsvatnet vil bli den same etter ei overføring. Foto: Svein Ulvund
Vossadalsvatnet høyrer i dag til Øystesevassdraget. Etter ei overføring til Samnangervassdraget kan kraftverka i Samnanger auka produksjonen med 43 GWh årleg, noko som tilsvarar forbruket i om lag 2150 einebustader. Med Aldal kraftverk, som BKK har søkt konsesjon for, vil produksjonsauken bli 50 GWh.
Skånsam utbygging
Ei overføring set få synlege spor i terrenget. Vossadalsvatnet skal ikkje regulerast og vil få same vasstand som før. I Øystesevassdraget vil det bli noko redusert vassføring, særleg like nedanfor Vossadalsvatnet.
Ved utløpet i Hardangerfjorden vil restvassføringa vera om lag 75 prosent av det den er i dag. Minstevassføring kan også vera eit aktuelt avbøtande tiltak for å auka vassføringa i elva.
Verdifulle magasin
Planane til BKK inneber at det overførte vatnet kan lagrast i magasina i Samnangervassdraget. På den måten kan vatnet sparast til periodar når behovet for energi er størst.
Vasskraft med magasin har ein stor fordel framfor både småkraft og vindkraft der det ikkje er mogleg å lagra energien for seinare bruk.
Auken i fornybar energi kan også bidra til eit betre klima ved at fossil energi andre stadar i Europa kan fasast ut.
Ynskjer innspel til planane
BKK har sendt inn melding om prosjektet til Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE). Meldinga vart sendt ut på høyring med frist til 19. november 2010 for å koma med innspel. NVE arrangerte folkemøte i Øystese 26. oktober.
I meldinga har BKK lagt fram eit forslag til kva tema som bør konsekvensutgreiast med tanke på miljø, naturressursar og samfunn. No er det viktig at vi får innspel til kva som bør vera med i konsekvensutgreiinga. Vi inviterer alle til å engasjera seg tidleg i prosessen, slik at vi får eit best mogleg prosjekt.
Når konsekvensutgreiingane er ferdige, kan BKK søkja om konsesjon. Denne vert sendt ut på ny høyring med folkemøte. Til slutt er det regjeringa som avgjer konsesjonssøknaden på bakgrunn av ei innstilling frå NVE.
Publikasjonar
Melding til NVE
Oversiktskart
Detaljkart
Her kan du få svar på hvordan produksjon av vannkraft fungerer i praksis.