Hopp til innhold
BKK
  • bkkmobil.no
  • Languages
  • Nettstedskart
  • Feilmelding
  • Kontakt oss

Media

Du er her: bkk.no » Om oss » Media » Nyheter og pressemeldinger » Ny teknologi for visualisering av planlagde kraftleidningar

20.01.2010

Ny teknologi for visualisering av planlagde kraftleidningar

BKK ynskjer å byggja kraftleidningar med så få og små konsekvensar for miljøet som mogleg. VR-teknologi (virtual reality) er eit nytt verktøy i dette arbeidet.

For at kommunar, interesseorganisasjonar, grunneigarar og andre interessentar lettare skal kunna vurdera utbyggingsplanane våre og koma med innspel til traséval, tek vi i bruk VR-teknologi for visualisering av planlagde kraftleidningar.

VR-modellen er ein framtidsretta teknologi for visualisering av infrastrukturløysinger i naturen. I samband med planlegginga av kraftleidningen mellom Modalen og Mongstad tek vi i bruk VR-modellen.

BKK legg stor vekt på å ha ein tett og open dialog med berørte interesser i planlegginga av nye kraftleidningar.

Vi har laga ein smakebit frå VR-modellen i form av ein film frå Skavlabu sør i Stølsheimen. Klikk her for å sjå filmen. (Filmen krev Windows Mediaplayer installert på PC-en din).

VR-modellen presenterte vi for Bergen Turlag i dag. Sjå reportasje frå møtet i NRK Vestlandsrevyen.

Les meir om den planlagde kraftleidningen mellom Mongstad og Modalen under utbyggingssidene våre.

 

Funksjoner for deling og utskrift av denne siden:

E-post Twitter Facebook LinkedIn Lag PDF Utskriftsversjon
BKK er eid av Statkraft og 17 kommuner på Vestlandet - Bergen, Askøy, Lindås, Fjell, Sund, Kvam, Meland, Radøy, Voss, Øygarden, Austrheim, Vaksdal, Gulen, Høyanger, Fedje, Masfjorden og Granvin.