Hopp til innhold
BKK
  • bkkmobil.no
  • Languages
  • Nettstedskart
  • Feilmelding
  • Kontakt oss

Media

Du er her: bkk.no » Om oss » Media » Nyheter og pressemeldinger » Uhell ved kabelutlegging

Uhell ved kabelutlegging

BKKs nye sjøkabel frå Måren kom aldri fram til Nordeide under utlegginga natt til laurdag. 7,5 av vel 9 kilometer var lagt ut då eit teknisk uhell førte til at resten av kabelen raste ut frå båten.

- Delar av kabelen er truleg øydelagt, slik at vi må få ny kabel. Mot slutten av denne veka får vi oversikt over kva det vil bety for den planlagde opninga av Måren kraftverk i slutten av april, seier prosjektansvarleg Espen Hammersland i BKK.

Årsaka ikkje klarlagt
Kabelen ligg no på 1100-1200 meters djupne i Sognefjorden, men har framleis landfeste i Måren. Onsdag skal BKK ha møte med leverandøren Seaworks for å gå gjennom hendinga.

- Ingen personar om bord vart skada, og det var ingen dramatikk i hendinga. Vi vil no bruka denne veka til å finna årsaka til at dette kunne skje, seier Oddvar Rundereim, administrerande direktør i Seaworks.

Måren kraftverk ligg i Høyanger kommune. Kabelen er naudsynt fordi den eksisterande kraftleidningen ikkje har kapasitet til å få ut krafta.

 

Funksjoner for deling og utskrift av denne siden:

E-post Twitter Facebook LinkedIn Lag PDF Utskriftsversjon
BKK er eid av Statkraft og 17 kommuner på Vestlandet - Bergen, Askøy, Lindås, Fjell, Sund, Kvam, Meland, Radøy, Voss, Øygarden, Austrheim, Vaksdal, Gulen, Høyanger, Fedje, Masfjorden og Granvin.