Du er her: bkk.no » Om oss » Media » Nyheter og pressemeldinger » Byggjer fisketrapper for Ekso-laksen
BKK er i gang med å byggja fisketrapper i Raufossen og Høsefossen i Ekso. Det vil styrkja bestanden av laks og sjøaure i elva.
Fotomontasje av fisketrapp i Raufossen i Ekso. Ved hjep av kulpane til venstre skal laks og sjøaure ta seg opp i elva.
- Vi samarbeider tett med forskingsmiljøet ved Universitetet i Bergen om tiltaket. BKK vil gjerne bidra til gode levevilkår for fisk i vassdraga vi regulerer, seier prosjektleiar Bjørn Batalden.
Arbeidet med fisketrappene byggjer på eit forslag frå Direktoratet for naturforvaltning og er ein del av konsesjonsvilkåra BKK har for Myster kraftverk i Vaksdal kommune. Raufossen og Høsefossen ligg i nedre del av Ekso, mellom inntaket i Nesevatn og utløpet av Myster kraftverk. Prosjektet vil kosta i underkant av åtte millionar kroner, ifølgje Batalden.
Utvidar lakseførande strekning
Den lakseførande strekninga i elva blir utvida med om lag 2,6 kilometer, som utgjer rundt 75 prosent auke frå i dag.
- Dette opnar opp gode gyte- og oppvekstområde. Rognplanting i det aktuelle området vil bidra til at laks og sjøaure lettare vil etablera seg. Dette vil styrka fiskebestanden, seier Tore Wiers i UniMiljø, eit forskingssenter ved Universitetet i Bergen.
Rogna blir henta frå genbanken i Eidfjord. I 2009 blei det planta meir enn 800 000 lakseegg frå denne banken.
- I år skal det plantast ytterlegare 800 000 lakserogn. Dette er eit av dei største rognplantingsprosjekta i Noreg, fortel Wiers.
Kameraovervakning
Arbeidet med fisketrappene starta i månadsskiftet januar/februar og skal vera avslutta til sommaren. Høsefossen er seks meter høg, og trappene vil bestå av to kulpar som fisken kan bruka for å vandra opp. Denne trappa er i praksis ferdig, berre vårflaumen får vaska grus og lausmassar ut av kulpane.
I den 16 meter høge Raufossen vil det bli 24 kulpar. Her byggjer BKK no ein 400 meter lang veg for å koma fram med anleggsmaskiner og gjera seinare vedlikehald enklare.
- I tillegg til fisketrappene blir det sett ut fiskefelle og –teljar i Raufossen. Her vil vi også installera eit kamera som overvakar fisken i elva, opplyser Batalden.