Hopp til innhold
BKK
  • bkkmobil.no
  • Languages
  • Nettstedskart
  • Feilmelding
  • Kontakt oss

Media

Du er her: bkk.no » Om oss » Media » Nyheter og pressemeldinger » Ny kraftleidning til industrianlegg på Askøy

Ny kraftleidning til industrianlegg på Askøy

BKK søkjer i desse dagar konsesjon om bygging av ein ny 132 kV kraftleidning mellom Askøy transformatorstasjon på Kleppe og Horsøy på Askøy. Bakgrunnen for søknaden er Framo Engineering sine planar om etablering og utvikling av eit nytt idustrianlegg på Horsøy.

Framo Engineering skal saman med Statoil byggja eit testanlegg for kompressorar for våtgass. Effektmengda som Framo treng til dette testanlegget er større enn det som eksisterande 22 kV leidning til Horsøy kan forsyna det nye industrianlegget med.

BKK søkjer om to ulike trasear. Trasealternativa er 3,9 og 4,3 kilometer lange og er planlagt som luftleidning. BKK har også vurdert eit kabelalternativ. Kabelalternativet har ein meirkostnad på 8 – 9 mill samanlikna med luftleidning. Av omsyn til meirkostnaden og dei rammene som Stortinget (Ot. prp.) har fastsett, søkjer ikkje BKK om jordkabel. I fylgje retningslinene for kabling er det berre i spesielle tilfelle med sterke verneinteresser eller store estetiske ulempe at kabling kan nyttast på korte strekk på dette spenningsnivået.

Det er Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) som skal behandla søknaden. Alle berørte grunneigarar er orienterte om planane. I samband med høyringa av søknaden vil NVE vurdera behovet for å arrangera folkemøte. Når høyringsperioden er over, vurderer NVE mottekne merknader og behandlar søknaden.

Industrianlegget på Horsøy skal etter planen setjast i drift i mars 2012. Kraftleidningen må derfor vera ferdig bygd seinast ved årsskiftet 2011/2012.

Konsesjonssøkanden finn du på våre prosjektsider Kleppe-Horsøy

 

Funksjoner for deling og utskrift av denne siden:

E-post Twitter Facebook LinkedIn Lag PDF Utskriftsversjon
BKK er eid av Statkraft og 17 kommuner på Vestlandet - Bergen, Askøy, Lindås, Fjell, Sund, Kvam, Meland, Radøy, Voss, Øygarden, Austrheim, Vaksdal, Gulen, Høyanger, Fedje, Masfjorden og Granvin.