Du er her: bkk.no » Om oss » Media » Nyheter og pressemeldinger » Utvidar kraftverket på Matre
30.04.2010
I 2011 startar BKK ei større ombygging av kraftverket på Matre. Det vil gje 65 GWh i auka produksjon, nok til å forsyna 3250 einebustader med straum.
Matre H har i dag tre mindre aggregat på 32 MW.
- Prosjektet er godt både for miljøet og klimaet. Vi får meir fornybar kraft utan nye reguleringar, seier prosjektleiar Espen Hammersland i BKK.
To kraftverk i eitt
Kraftstasjonen på Matre i Masfjorden kommune består av to kraftverk i same maskinhall. Matre H utnyttar vatn frå Haugsdalsvassdraget, medan vassvegen til Matre M kjem frå Matrevassdraget. Matre H vart bygd på slutten av 1950-talet og må no rustast opp på grunn av slitasje.
- Vi vil byggja ein ny fjellhall der vi får plass til eit aggregat på 105 MW. Samtidig skal vi rehabilitera eitt av dei tre gamle aggregata på 32 MW. Med denne løysinga kan kraftverket vera i drift gjennom heile anleggsperioden, seier Hammersland.
Kommunen treng stein
I samband med den nye fjellhallen skal det også byggjast ein tre kilometer lang tilførselstunnel frå Godbotnvatnet og ein avløpstunnel på 500 meter.
- Totalt snakkar vi om 300 000 kubikkmeter med stein. Vi er i dialog med Masfjorden kommune om bruk av desse massane, der fylling og veg til Matresøya er eit alternativ, opplyser Hammersland.
Anleggsarbeidet er planlagt med oppstart hausten 2011, og byggjetida er sett til to og eit halvt år. Total kostnad er rekna til om lag 400 millionar kroner. Opprustinga av det gamle aggregatet er ikkje med i denne summen, då det er skilt ut som eit eige prosjekt.