Hopp til innhold
BKK
  • bkkmobil.no
  • Languages
  • Nettstedskart
  • Feilmelding
  • Kontakt oss

Media

Du er her: bkk.no » Om oss » Media » Nyheter og pressemeldinger » Anleggsstart på Kløvtveit

06.05.2010

Anleggsstart på Kløvtveit

BKK skal heva vasstanden i Vetle Kløvtveitvatnet til naturleg nivå, etter at det vart seinka 20 meter ved utbygginga av Kløvtveit kraftverk. Anleggsarbeidet startar no, og det vil føra til auka trafikk på vegen

- I prosjektet har BKK samarbeida tett med både lokale grunneigarar og ekspertar på fisk for å få til ei god løysing, slik at vatnet igjen blir rikt på fisk og ein idyll for friluftsfolk, seier prosjektansvarleg Espen Hammersland i BKK.

Kløvtveit kraftverk i Gulen har vore i drift sidan mars 2006. I samband med utbygginga vart inntaksmagasinet Kløvtveitvatnet tappa ned. Dette vart gjort for å få tilsig frå Transdalsvatnet og Austgulstølsvatnet som ligg lågare enn Kløvtveitvatnet. Kløvtveitvatnet er etter utbygginga delt ved Mjåneset i eit hovudmagasin og Vetle Kløvtveitvatnet innanfor.

Overføringa frå Austgulstølsvatnet blir no lagt i røyr direkte til Kløvtveitvatnet, og overføringa mellom Vetle Kløvtveitvatnet og Kløvtveitvatnet skal proppast igjen. Det blir også laga ein liten dam, som blir 3,6 meter høg og 75 meter brei.

- Arbeidet skal gjerast ferdig i år. Så vil tilsig utover 2011 fylla opp Vetle Kløvtveitvatnet til naturleg vasstand, seier Hammersland.

 

Funksjoner for deling og utskrift av denne siden:

E-post Twitter Facebook LinkedIn Lag PDF Utskriftsversjon
BKK er eid av Statkraft og 17 kommuner på Vestlandet - Bergen, Askøy, Lindås, Fjell, Sund, Kvam, Meland, Radøy, Voss, Øygarden, Austrheim, Vaksdal, Gulen, Høyanger, Fedje, Masfjorden og Granvin.