Du er her: bkk.no » Om oss » Media » Nyheter og pressemeldinger » Folkemøte om ny kraftleidning på Askøy
NVE arrangerer torsdag 27. mai eit folkemøte om planane for ein ny kraftleidning mellom Kleppe og Horsøy på Askøy.
Møtet vert halde i kommunestyresalen på Askøy rådhus kl. 1900. NVE og BKK vil orientera om prosjektet og konsesjonssøknaden.
BKK har søkt konsesjon om bygging av ein ny 132 kV kraftleidning mellom Askøy transformatorstasjon på Kleppe og Horsøy på Askøy. Bakgrunnen for søknaden er Framo Engineering sine planar om etablering og utvikling av eit nytt idustrianlegg på Horsøy.
Open kontordag
Vi ynskjer ein open og konstruktiv dialog med berørte grunneigarar og andre interesserte i den vidare saksbehandlinga. Eit ledd i denne dialogen er ein open kontordag der fagfolk frå BKK orienterer om planane og svarar på spørsmål. Alle interesserte er velkomne til å stikka innom Kleppe skole 7. juni kl. 19.00 - 21.00.