Hopp til innhold
BKK
  • bkkmobil.no
  • Languages
  • Nettstedskart
  • Feilmelding
  • Kontakt oss

Media

Du er her: bkk.no » Om oss » Media » Nyheter og pressemeldinger » Nordens djupaste sjøkabel

15.07.2010

Nordens djupaste sjøkabel

BKK har sett ny nordisk rekord med sjøkabelen som torsdag 15. juli vart strekt ut i Sognefjorden frå Måren til Nordeide. Ned mot 1270 meters djupne ligg kabelen som har samanheng med det nye kraftverket på Måren.

Foto: Espen Hammersland, BKK  Sognefjorden er 1308 meter djup og er den nest djupaste fjorden i verda. Eit forsøk på å leggja ut kabelen i mars mislykkast på grunn av ein svikt i maskina som skulle leggja ut kabelen.

- Utfordringa i slike operasjonar er å handtera vekta slik at kabelen ligg i ro langs dei bratte fjordsidene, seier Stian Hokland i SeaWorks, som utførte kabeloppdraget for BKK.

Med båten C/V Fjordkabel la Hokland og mannskapet hans ut vel 9150 meter kabel med samla vekt på om lag 120 tonn.

Tryggare straumforsyning
Det er ikkje kapasitet i den eksisterande luftleidningen på Måren til å få ut straumen frå kraftverket som skal opnast 26. august. Ein ny sjøkabel på vel ni kilometer er det beste alternativet av fleire grunnar.

- Sjøkabelen etablerer eit ringsamband i straumforsyninga til eit område som i dag er einsidig forsynt. Det betyr at Måren og Kyrkjebø no vil ha straum sjølv om det skulle oppstå feil på den eine leidningen, seier prosjektansvarleg Espen Hammersland i BKK.

Økonomisk ville ei opprusting av eksisterande kraftleidning kosta om lag like mykje. Blant anna fordi det ville medført omlegging av ein kabel gjennom den 7,5 kilometer lange Høyangertunnelen.

Feilretting på kablar tek generelt lang tid. I denne situasjonen vil ikkje det vera kritisk for straumforsyninga fordi det berre rammar eitt kraftverk.

Les meir om kraftverket på Måren

 

 

 

Funksjoner for deling og utskrift av denne siden:

E-post Twitter Facebook LinkedIn Lag PDF Utskriftsversjon
BKK er eid av Statkraft og 17 kommuner på Vestlandet - Bergen, Askøy, Lindås, Fjell, Sund, Kvam, Meland, Radøy, Voss, Øygarden, Austrheim, Vaksdal, Gulen, Høyanger, Fedje, Masfjorden og Granvin.