Du er her: bkk.no » Om oss » Media » Nyheter og pressemeldinger » 92-åring opna Måren kraftverk
27.08.2010
Elsa Runnestø (92) fekk torsdag æra av å opna BKKs nye kraftverk i Måren. Ho er eldst av dei fire fastbuande i den vesle, veglause grenda i Høyanger kommune.
Elsa Runnestø fekk hjelp av konsernsjef Atle Neteland i BKK til å trykkja på startknappen for Måren kraftverk. I bakgrunnen sit Ivar Orvedal som hadde regien for dei kulturelle innslaga ved opninga.
Så isolert er Måren at NRK i 2008 laga eit program herifrå i serien ”Der ingen skulle tru at nokon kunne bu”. Folkehopen var tjuefem gonger så stor då BKK feira opninga av sitt 31. vasskraftverk med styre, kommunale representantar og mange grunneigarar i spissen for ein stor folkefest.
- Eg sa ja til å opna kraftverket fordi det var anleggskarane som ynskte det, sa den spreke 92-åringen då ho trykte på knappen som starta kraftverket.
Nordens djupaste sjøkabel
Småkraftverket vil produsera 21 GWh i året, som tilsvarar forbruket i om lag 1050 einebustader. Prosjektet har ein total kostnad på om lag 82 millionar kroner.
- Det har vore spesielt å byggja kraftverk på ein stad utan vegsamband. All transport har skjedd med eiga ferje. Entreprenøren GBS frå Øystese har takla utfordringane godt. Dei har også tilpassa kraftverket til terrenget på ein framifrå måte, seier prosjektansvarleg Espen Hammersland i BKK.
For å få ut krafta var det behov for ein vel ni kilometer lang sjøkabel frå Måren til Nordeide. Med djupne ned mot 1270 meter er dette Nordens djupaste sjøkabel.
- Flott samarbeid med BKK
BKK hadde invitert Måren-kunstnaren Ivar Orvedal med musikarane sine til å framføra eit spesialkomponert musikalsk innslag for dei frammøtte gjestene. Orvedal har berre positivt å seia om BKK og entreprenøren etter at utbygginga var vedtatt.
- For meg er dette ei forsoning. Eg er komen til at ein må akseptera verdas gang, men utan å bli likegyldig. Samarbeidet med BKK og entreprenøren har vore flott, sa han til Ytre Sogn Avis like før opninga.
- Merkedag for klimaet
Styreleiar Martin Smith-Sivertsen i BKK peika på det framtidsretta ved å utnytta vasskrafta til rein og klimavennleg energi.
- BKK ser på alle opningar av eit nytt kraftverk som ein merkedag for klima og for framtida, sa Smith-Sivertsen i sin tale ved opninga.
Måren kraftverk sett frå sjøen. I framgrunnen står det nye forsamlingshuset som grenda har fått frå BKK.
Utbygginga er eit samarbeid mellom Høyanger kommune og BKK, der BKK er utbyggjar og eigar av kraftverket.
Av omsyn til landskapsoppleving og biologisk mangfald er det sett krav om minstevassføring på 300 liter/sekund om sommaren og 140 liter/sekund om vinteren.
Erstattar gammalt kraftverk
Kraftverket erstattar eit gammalt kraftverk som utnytta eit mindre fall i elva. Det gamle kraftverket som vart sett ut av drift i 1983, hadde inntaksdammen på same stad i elva som det nye. Frå inntaksdammen ned til kraftstasjonen ved fjorden går det eit røyr på 1060 meter.
Kraftstasjonen, som har eit aggregat med installert effekt på 5 MW, er plassert like innanfor ferjekaien på Måren.
Fordeler for lokalsamfunnet
Som ein del av prosjektet har BKK bygt eit nytt forsamlingshus på kaien i Måren. Også på andre område fører BKK ein del av avkastninga i prosjektet tilbake til lokalsamfunnet gjennom fond og avbøtande tiltak: