Du er her: bkk.no » Om oss » Media » Nyheter og pressemeldinger » Tek ladegrep for elbilar
30.08.2010
- Saman med BKK og Hordaland fylkeskommune tek vi med dette eit ladegrep. Etableringa av 152 nye ladepunkt viser at vi meiner alvor med å leggja til rette for ein infrastruktur i transportsektoren som kan redusera klimagassutsleppa.
På denne måten understreka byråd Lisbeth Iversen betydninga av elektrifiseringa av transportsektoren i sin klimaappell under den offisielle opninga av det første av 152 nye ladepunkt i Bergen og Hordaland. Det første ladepunktet i prosjektet vart sett i drift ved Årstad vidaregåande skule i Bergen i dag.
- Plugg i, køyr elektrisk oppmodar Lisbeth Iversen (t.v.), Tonny Nundal og Torill Selsvold Nyborg
- Transportsektoren står for ein stor del av utsleppa av klimagassar. Å leggja til rette for tiltak som kan redusera utsleppa frå biltrafikken vil difor vera avgjerande for å nå klimamålet om 30 prosent utsleppskutt i 2030, samanlikna med 1991. Hordaland treng innbyggjarar som medverkar til å redusera utsleppa. Dei som ønskjer å bidra, skal oppleva det som enkelt å gjera ein innsats, sa fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.
Både Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune har nyleg lagt fram Klima- og energihandlingsplanar der tilrettelegging for auka bruk av elbilar er viktige tiltak for å nå klimamåla.
Ladepunktprosjektet er eit eksempel på at planene blir fulgt opp og tiltak for elektrifisering av transportsektoren vert sette ut i livet.
- Etableringen av disse ladepunkta er eit lite, men likevel, viktig steg i elektrifiseringa av transportsektoren. Vi i BKK ynskjer å vera ein medspelar i dette arbeidet. Vi snakkar om ein framtidsretta infrastruktur basert på fornybar energi, understreka konserndirektør Kommunikasjon, Tonny Nundal.
BKK har teke rolla som søkjar, koordinator og prosjektleiar på vegne av Hordaland fylkeskommune, Bergen kommune, fem omlandskommuner og to bedrifter. I BKK sine eigne anlegg på Kokstad, Bildøybakken på Sotra, Knarvik, Matre og Dale skal 14 av 152 ladepunkta monterast. BKK ynskjer å leggja tilrette for at eigne tilsette enklare kan nytta klimavenleg transport til og frå jobben.
Transnova har gitt BKK tilsagn om støtte på inntil 3,6 millionar kroner til prosjektet.
Kontaktpersonar
Hordaland fylkeskommune: Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg, mobil 91522733
Bergen kommune: Byråd Lisbeth Iversen, mobil 92014606
BKK: Konserndirektør Kommunikasjon Tonny Nundal, mobil 90595845