Du er her: bkk.no » Om oss » Media » Nyheter og pressemeldinger » BKK redda seks ungdomar
Seks ungdomar fekk problem på veg til ei hytte i Modalsfjella seint laurdag kveld. Redninga vart Øyvind Farestveit og Jomar Flatekval i BKK, som henta dei kalde ungdomane ned frå fjellet.
Øyvind Farestveit henta kalde ungdommar ned frå fjellet med snøscooteren.
- Det var stor glede då eg kom fram med snøscooteren og kunne frakta dei ned att til Steinsland, fortel Øyvind.
Turfølgjet hadde gått frå Steinsland laurdag kveld. Målet var ei hytte på Heimastølen, nær Stølsvatnet, fem kilometer frå Steinsland. Det var høg snø, og etter eit par timar snudde turgåarane, som gjekk til fots.
Orka ikkje gå tilbake
På tilbakevegen vart nokre av dei så kalde og slitne at dei ikkje orka å gå vidare. Politiet fekk melding om hendinga kl. 23, og ungdomane bad då om hjelp til å koma seg tilbake til bilane.
- Politiet kontakta vår produksjonssentral, som ringte til Jomar, vakta ved Steinsland stasjon. Han forstod på meldinga kor ungdomane var, og kontakta Øyvind som var villig til å ta ein tur med snøscooteren for å henta ungdomane, fortel divisjonssjef Asgeir Thorsteinsson i BKK.
Tente bål
Øyvind sat og såg på tv då han vart oppringt, først frå Jomar og sidan politiet. På scooterturen tok han med seg ein nabo. Det var opphaldsver og rundt åtte minusgrader.
- Det tok berre fem-ti minutt å kjøra inn til turgåarane. For å prøva å få varmen i seg, hadde dei laga eit bål av ekstra tøy som dei hadde med seg. Vel nede på Steinsland tok vi dei inn i lokala til BKK der dei fekk varma seg ei stund før dei sette seg i bilen og kjørte heimover, fortel Øyvind.