Du er her: bkk.no » Vannkraft - energi designet for fremtiden » Søkjer om konsesjon for Modalen-Mongstad
BKK sender i desse dagar konsesjonssøknad for bygging av ein ny 300 (420) kilovolt kraftleidning mellom Modalen og Mongstad. Saman med den planlagde leidningen Mongstad-Kollsnes, vil Modalen-Mongstad sikra kraftforsyninga i regionen inn i framtida og leggja til rette for verdiskaping i lokalsamfunnet, seier konserndirektør Øivind Torkildsen i BKK.
Torkildsen seier at leidningen vil medverka til ei sikrare straumforsyning til ein region som alt i dag må importera meir kraft enn nettet er bygd for.
Øivind Torkildsen
Leidningen vil ha stor betydning for straumforsyninga ikkje berre til Bergen, men for heile regionen som også omfattar kommunane Askøy, Øygarden, Fjell, Sund, Meland, Lindås, Radøy, Fedje, Austrheim, Gulen, Masfjorden, Høyanger sør, Vaksdal, Osterøy og Os.
- Når heile denne ”ytre ringen” frå Modalen, via Matre, Mongstad og til Kollsnes står ferdig, betyr det at vi har sikra straumforsyninga ved feil på ein av dei andre forsyningsårene inn til området. I dag må opptil halvparten av forbruket innanfor Bergens-regionen koplast ut inntil feilen er reparert. Det har vore nære på fleire gonger dei siste åra, understrekar Øivind Torkildsen.
Verdiskaping i regionen
Torkildsen peikar også på kor viktig leidningen er for verdiskapinga i regionen.
- Utbygging av ny, fornybar energi representerer verdiskaping for kommunar og lokalsamfunn. Manglande nettkapasitet fører i dag til at mange planlagde småkraftverk ikkje kan realiserast. Dessutan er sjølvsagt sikker tilgang på energi heilt avgjerande for utvikling av all annan næring og industri, seier Torkildsen.
Utbyggjarar i regionen har meldt frå om planar på i alt 144 MW (megawatt) vasskraftproduksjon og 228 MW vindkraftproduksjon (pr mars 2010). BKK har gitt melding til alle utbyggjarane om at ingen av desse utbyggingsprosjekta kan koplast til nettet før leidningen Modalen-Mongstad står ferdig. Kapasiteten i noverande nett er sprengt.