BKK Spring med nye investeringar i Tibber og Zinus

BKK Spring kjøper ti prosent av aksjane i Bømlo-selskapet Zinus, som har utvikla eit nytt konsept for landstraum til skip med stort internasjonalt potensial. BKK Spring er også einaste industrielle investor i Tibber sin emisjon som tilfører selskapet 600 millionar kroner.

BKK Spring har hatt suksess med sine investeringar i framveksande selskap og er eit av dei mest aktive investeringsfonda i landet for oppstarts- og vekstselskap innan fornybar energi.

Selskapa BKK Spring har investert i har hittil etablert over 100 nye arbeidsplassar, henta inn over ein halv milliard kroner i privat kapital og nærare 100 millionar kroner frå det offentlege verkemiddelapparatet. Fleire av selskapa som fondet har investert i, satsar no på internasjonal vekst.

BKK Spring vart oppretta i 2017 for å skyta fart i den grøne omstillinga, og er BKK sitt investeringsfond for oppstarts- og vekstselskap (Corporate Venture fond).

Artikkelbilde

Bildetekst: BKK Spring er BKK sitt investeringsfond for oppstarts- og vekstselskap (Corporate Venture fond). F.v. dagleg leiar Andreas Tufteland Engelsen, styreleiar Monika Inde Zsak og investeringsansvarleg Roald Brekkhus.

Verdas første heildigitale straumleverandør

Tibber blir omtalt som verdas første heildigitale straumleverandør og har hatt ein enorm vekst sidan etableringa i 2016. Hovudkontoret er i Førde, og dei om lag 50 tilsette er fordelt på Førde, Berlin, Helsinki og Stockholm.

I emisjonen blant eksisterande og nye investorar går BKK Spring inn med kapital som opprettheld ni prosent eigarskap. Emisjonen er ein av dei største innan oppstarts- og vekstselskap i Norge i år, og inn på eigarsida kjem mellom anna Balderton og Eight Roads, som er nokre av dei meste anerkjente investeringsfonda i Europa. Mellom eigarane er også Silicon Valley-baserte Founders Fund og Petter Stordalen og Gustav Witzøe sine investeringsfond.

- Enorm boost for Tibber å få BKK Spring som eigar

- Vi kom tidleg inn som eigar i 2017 og har sett ei enorm utvikling av Tibber. Vi er det einaste konsernet på eigarsida i Tibber, og samarbeidet har vore til gjensidig nytte for begge selskapa i utvikling av nye produkt og tenester, seier Monika Inde Zsak, divisjonssjef for Innovasjon og venture i BKK og styreleiar i både Tibber og BKK Spring.

- Det har vore ein enorm boost for Tibber å få med BKK Spring på eigarsida. Med brei erfaring frå energimarknaden og smidig samarbeidsvilje har dei tilført oss langt meir enn kapital. Eksempelvis har dei bidratt til at vi no gjennom Tibber-appen kan la elbileigarar selja sin ladekapasitet tilbake til straummarknaden og på den måten få ein lågare straumpris. Dette er innovasjonar i verdsklasse som ikkje hadde vore mogleg utan tett og godt samarbeid, seier dagleg leiar for Tibber, Edgeir Vårdal Aksnes.

Suksessrik satsing på landstraum

Zinus vart etablert i 2018 som eit heileigd dotterselskap av LOS Gruppen. Selskapet med base på Rubbestadneset i Bømlo kommune, har 14 tilsette og både LOS Gruppen og DSD på eigarsida.

Etter få års drift er selskapet leiande på kabelløysingar og infrastruktur for landstraum og har leveransar til både norske og europeiske hamner. Interessa er stor globalt, og Zinus er i dialog med kundar i både Europa, Asia og USA som er interessert i produkta dei leverer.

I arbeidet med å elektrifisera Bergen Havn har Zinus vore ein viktig samarbeidspartnar for Plug, eit selskap som vart etablert av BKK saman med Bergen Havn for å byggja landstraum til skip.

Artikkelbilde

Bildetekst: Zinus er leiande i Norge på kabelløysingar og infrastruktur for landstraum og har leveransar til både norske og europeiske hamner.

- Gjennom arbeidet med landstraum i Bergen Havn fekk vi fekk kjennskap til kvaliteten på det Zinus leverer. Zinus vil bidra til grøn omstilling av skipsfarten og har eit produkt det er stor interesse for i heile verda, seier dagleg leiar Andreas Tufteland Engelsen i BKK Spring.

BKK Spring kjøper 10 prosent av aksjane i Zinus frå LOS Gruppen, som no sit igjen med 53 prosent eigarskap, medan DSD eig 37 prosent.

I produktutviklinga har Zinus lagt vekt på at anlegga skal ta liten plass med minimale inngrep på kaien. Tilkoplinga er rask og enkel og krev ikkje eigen operatør på land. Lette kablar gjer produktet sikrare med tanke på HMS.

- Vi er svært nøgde med å få BKK Spring med på laget. Deira kompetanse vil styrkja den vidare satsinga vår, særleg internasjonalt. Den vil også være til god hjelp for Zinus i utviklinga av nye og spennande løysingar til marknadssegment som cruiseindustrien, roroskip og oppdrettsnæringa, seier Arne Mæland, styreleiar i Zinus og ein av nøkkelpersonane i etableringa av selskapet.

Investerer i berekraftige selskap med globale ambisjonar

BKK Spring leitar etter oppstarts- og vekstselskap som utviklar teknologi og forretningsmodellar som vil spela ei nøkkelrolle i det framtidige fornybare samfunnet. I tillegg til Tibber og Zinus er Sevendof og Heimdall Power mellom selskapa BKK Spring har investert i.

- BKK Spring er ein industriell investor som tilfører selskapa kompetanse, relasjonar og kapital. Vi set fart i veksten til selskapa og medverkar til at dei lykkast. I dag består porteføljen vår av sju oppstart- og vekstselskap, og fleire selskap er på veg inn. Felles for selskapa i porteføljen er at alle har ein ambisjon om og er på god veg til å ta globale posisjonar dei komande åra, fortel investeringsansvarleg i BKK Spring, Roald Brekkhus.

Nye selskap viktig for grøn omstilling

BKK ynskjer å kombinera eit stort engasjement for klima og grøn omstilling med lønsam forretning. Vestlandet er i front på teknologisk utvikling og kan spela ei viktig rolle for å utvikla nye løysingar for nullutslepp av klimagassar.

- Oppstartsselskap blir ei viktig brikke for å nå globale klimamål. Selskap som ikkje finst i dag vil ta viktige posisjonar i det framtidige energisystemet. Samarbeid mellom desse selskapa og meir etablert industri som oss blir kritisk for å lykkast med å snu samfunnet frå bruk av fossilt brensel til elektrisitet og nullutslepp. BKK Spring er eit verkemiddel for å ta del i og forstå eit energisystem i endring, seier Andreas Tufteland Engelsen.

Bilde øverst: BKK Spring har vore med på ei eventyrleg reise i Tibber sidan den første investeringa i 2017. Dagleg leiar Edgeir Vårdal Aksnes og styreleiar Monika Inde Zsak har tru på vidare vekst.