Einsam vakt for å sikra straumproduksjonen

Steinar Solheim spelar ei nøkkelrolle for å sikra straumproduksjonen til BKK. Det er hans ansvar at Vemundsbotn kraftverk i Masfjorden fungerer og kan produsera kvar dag. For å unngå koronasmitte har kraftverksoperatøren hatt minst mogleg nærkontakt med andre sidan mars.

- Eg har blitt ein einsam ulv og jobbar åleine det meste av tida. Eg saknar kollegane og samlingsstunda vi hadde kvar morgon før vi reiste ut i kraftverka, seier Steinar.

Anleggsveg til fjells

For å koma til Vemundsbotn kraftstasjon, tar du av frå E39 like før Masfjordtunnelen i retning mot Matre. Derifrå tar det rundt 20 minutt med bil inn Haugsdalen og anleggsveg til fjells før du ser kraftstasjonen ved Gobotsvatnet. Kraftverket starta drifta i 1976 og produserer straum til om lag 11 000 bustadar.

Artikkelbilde

- Vemundsbotn er min stasjon der eg har ansvaret for alt som skjer. Her er eg minst ein gong i veka for å ha tilsyn, utføra vedlikehald og retta feil som oppstår. Ein del av tilsynet skjer digitalt, og i vinter vil det berre bli digitale tilsyn når stasjonen vert innesnødd, seier Steinar.

Arbeidsveka hans kan også bestå av oppdrag i andre kraftstasjonar, som oftast åleine eller på god avstand til andre. Arbeid på PC utfører han no på heimekontoret.

Et nistepakka åleine

I oktober vart det opna opp for å utføra nedtapping av vassvegen i Vemundsbotn kraftverk der fleire arbeidarar var med, også eksterne.

Artikkelbilde

- Då passa eg på å halda god avstand og rygga om eg møtte nokon i den smale trappa inne i kraftstasjonen. I lunsjpausen sat eg i eit rom for meg sjølv. Det går greitt, men eg byrjar å verta lei av å jobba så mykje åleine. Eg opplever at leiinga er merksam på dette, men det er ikkje lett for dei å gjera noko med det heller, meiner Steinar.

Kraftverksoperatørane som høyrer til på Matre-området har fast møte på Teams kvar tysdag. For Steinar blir ikkje videomøte det same som fysisk møte.

- På Teams blir det veldig kjapt. Den sosiale og faglege småpraten blir borte, seier han.

Samfunnskritisk funksjon

Steinar forstår at strenge smittevernreglar må til for å redusera risikoen for at covid-19 skal setja kraftproduksjonen ut av spel. BKK Produksjon definerte tidleg kven av medarbeidarane som var såkalla kritisk personell, der det var særleg viktig å unngå smitte. Steinar og dei 20 andre kraftverksoperatørane høyrer til denne gruppa.

Artikkelbilde

- Kraftproduksjon er ein samfunnskritisk funksjon. Derfor innførte vi allereie 12. mars ei rekkje tiltak for å unngå sjukdom og redusera risiko for smittespreiing. Tiltaka har fungert godt. Vi har så langt ikkje registrert smitte blant dei tilsette, og kraftverka har hatt høgare oppetid enn nokon gong, seier John Håkon Andersen, divisjonssjef og beredskapsleiar i BKK Produksjon.

Positiv innstilling

Lars Solheim har ansvar for drift av kraftverka i Matre-området. Han rosar innsatsen til medarbeidarane som har måtta tilpassa seg nye tider med koronaviruset.

- Dei som er ute i felt har vore samarbeidsvillige og positivt innstilt for å få dette til, samtidig som dei har halde på det gode humøret, seier Lars.

Koronatiltak er krevjande for drifta

Avdelingsleiaren på Matre opplever at det er utfordrande å utføra oppgåver der det er behov for fleire personar og ved bruk av eksternt personell.

Artikkelbilde

- Kraftverksoperatørane er definert som driftskritisk personell og skal primært arbeida åleine eller saman med ein fast kollega. Då blir det vanskeleg å bemanna arbeidet på ein like god måte som i ein normalsituasjon. Det er krevjande å gjennomføra koronatiltak samtidig som drifta skal gå som normalt, seier Lars.

Håp om lysare tider

Som kraftverksoperatør i Vemundsbotn er Steinar bevisst den viktige jobben han har og tar omsyn også på fritida.

- Det handlar om å halda avstand og unngå store forsamlingar. Det er ikkje no eg går på IKEA, påpeikar han.

Det går mot vinter, men Steinar ser likevel eit håp om lysare tider.

- Eg las noko om at det er ein vaksine på gong, så eg set mi lit til det. Då håpar eg vi kan bli blant dei første i BKK som får vaksinen, seier han med eit glimt i auga.