Olje- og energidepartementet (OED) har gitt konsesjon til bygging av Tysso kraftverk i Ulvik herad.

Konsesjon til Tysso kraftverk i Ulvik

Olje- og energidepartementet (OED) har i dag gitt konsesjon til bygging av Tysso kraftverk i Ulvik herad. Tysso kraftverk AS er eit samarbeid mellom BKK Produksjon (50,1 %) og Hardanger Energi (49,9 %).

Kraftverket vil kunna produsera om lag 26 GWh årleg.

NVE avslo søknaden då utbygginga ville gje redusert vassføring i ei bekkekløft som ikkje let seg undersøka nøye. Tysso kraftverk AS klaga på vedtaket og foreslo auka minstevassføring om sommaren. Departementet har i dag gjort om på NVE sitt avslag og gjeve konsesjon til Tysso kraftverk.

- Departementet har stilt krav om auka minstevassføring ein lenger periode om sommaren, samt også auka minstevassføringa om vinteren for å sikra ei viss fuktigheit i bekkekløfta. Det skal installerast ein forbisleppingsventil av omsyn til sjøaure. Med desse bøtande tiltaka finn departementet at fordelane ved kraftverket er større enn ulempene, står det i pressemeldinga frå OED.

Styreleiar i Tysso kraftverk AS, Sigve Næss, er glad for at departementet har vore lydhøyr for kunnskapsbasert argumentasjon.

- Dette er eit prosjekt som har full støtte lokalt. Vi har også skaffa fram ny miljøkunnskap og iverksett tiltak for å redusera miljøulempene. Eg er ikkje i tvil om at engasjementet til Hardanger Energi og Ulvik herad har vore avgjerande for eit positivt utfall, seier Næss, som også er seksjonssjef i BKK.

Det er mange år sidan prosjektplanane vart laga, og styret i Tysso kraftverk vil no møtast så raskt som mogleg.

- Vi må sikra at vi har den riktige tekniske løysinga og ivareta lønsemda i prosjektet, seier Næss.

Les konsesjonsvedtaket frå OED