Høgaste straumforbruk nokon gong

Aldri før har straumforbruket i bergensregionen vore høgare enn sist veke. Mange kommunar sette nye straumrekordar måndag 8. februar. I den strenge vinterkulda i starten av månaden produserte kraftverka til BKK det dei kunne for å sikra straumforsyninga. Samstundes innførte BKK Nett fleire tiltak for å redusera faren for straumbrot i nettet.

- No kjem det godt med at vi har kraftverk med store magasin der vi har lagra vatn for å kunna produsera gjennom vinteren, seier divisjonssjef Erik Spildo i BKK Produksjon.

Nye rekordar
Dei fleste kommunane i bergensregionen sette nye straumrekordar måndag 8. februar. Dei gamle rekordane var frå 20. januar 2016. Det var også rekordhøgt straumforbruk 4. mars 2018, men her manglar BKK tal på kommunenivå.

I Bergen var forbruket på det høgaste på 852 megawatt (MW) på morgonen 8. februar. Tilsvarande tal frå 20. januar 2016 var 780,6 MW. Auken i straumforbruk i Bergen kommune vart dermed på 9,15 prosent. Prosentvis var det størst auke i Samnanger med 30 prosent. I Alver, Austrheim og Fedje var den nye straumtoppen 22 prosent høgare enn den frå januar 2016. Tidlegare Os kommune opplevde tilsvarande sterk auke. Øygarden og Vaksdal sette også nye rekordar med ein auke på 8 prosent. Osterøy var den einaste av omlandskommunane i BKK sitt nett som ikkje sette ny rekord. Men kommunen tangerte nesten den gamle.

God magasinfylling
BKK og andre kraftprodusentar i Norge har vore godt førebudd på ein kald vinter. Magasinfyllinga var ved årsskiftet rekordhøg. Tal frå NVE viser at magasinfyllinga i snitt i Norge var på heile 82,3 prosent ved årsskiftet. Til samanlikning var den 63,4 prosent ved utgangen av 2019. Etter den kalde starten på 2021 viser dei siste tala frå NVE at magasinfyllinga er 63,6 prosent.

- I fjor var vinteren rekordmild og kraftproduksjonen veldig høg på grunn av mykje nedbør. Det ga rekordlåge straumprisar gjennom heile året. Starten av dette året er det motsette - tørt og ekstremt kaldt med rekordhøgt kraftforbruk. For å dekkja det høge kraftforbruket utnyttar både BKK og andre kraftprodusentar all tilgjengeleg produksjonskapasitet. Det medfører særleg høge kraftprisar når forbruket er på sitt høgaste, og ein relativ høg kraftpris totalt sett. Kraftprisen blir også påverka av at det blir produsert mindre vindkraft både i Norden og på kontinentet med den vêrtypen vi har no, seier Erik Spildo i BKK Produksjon.


Ekstra mannskap i sving
Kald vinter og rekordforbruk av straum er også ei utfordring for BKK Nett, som har ansvaret for 27 500 kilometer med straumnett i Vestland fylke. Trass den kalde vinteren og rekordhøgt straumforbruk, har det ikkje vore nokon auke i talet på straumbrot. BKK Nett har i det siste sett inn ekstra mannskap for å handtera utfordringar i nettet som følgje av kulda.

- Det svært høge forbruket kan nokre stadar gje lågare spenning i nettet, og vi er i gang med å gjennomføra ei rekkje tiltak for å auka kapasiteten. Vi har mange fleire enn normalt som jobbar med dette no, både planleggjarar og montørar. Vi justerer transformatorar for at dei skal levera høgare spenning, og vi legg om nettet for å fordela lasta betre. I tillegg byggjer vi nokre stadar støttenett for å betra kapasiteten, fortel regionleiar Truls Reed Tystad i BKK Nett.

BKK utfører vedlikehald i straumnettet gjennom heile året. For å få gjort arbeidet er det ofte behov for å kopla ut straumen, men det er noko BKK Nett prøver å unngå i streng kulde.

- Vi vil ikkje at kundane skal frysa, så derfor unngår vi langvarige utkoplingar i dei kaldaste periodane, seier Truls Reed Tystad.

Tekst til bilete: Her utfører BKK feilsøking på linjenettet ved hjelp av drone på Nesheimsfjellet. (Foto: Robert Borge, BKK Nett.)

Under er ein tabell som viser forbruk (last) frå toppnoteringa måndag 8. februar 2021 samanlikna med 20. januar 2016. På grunn av inndelinga i straumnettet er nokre kommunar vist samla. Store industrikundar på Mongstad og Kollsnes som får straum rett frå regionalnettet, er ikkje inkludert i tala for Øygarden og for Alver, Austrheim og Fedje.

Kommune/område Last 2016 (MW) Last 2021 (MW) Prosentvis endring
Bergen 780,6 8529,15 %
Bjørnafjorden (berre gamle Os kommune) 54,6 66,2 21,25 %
Øygarden 122,3 132,1 8,01 %
Osterøy 26,9 26,6 -1,12 %
Vaksdal 18,0 19,6 8,89 %
Samnanger 8,5 11,1 30,59 %
Gulen og Masfjorden 25,3 28,7 13,44 %
Alver, Austrheim og Fedje 99,3 121,2 22,05 %