BKK Enotek utvidar i Sunnfjord

BKK Enotek utvidar verksemda ved avdelinga i Førde og søkjer no etter prosjektleiar for tele og fiber og fleire fibermontørar og elektromontørar. 1. juni fusjonerer MultiVolt med BKK Enotek, og BKK har tilsett to nye prosjektleiarar i Leirvik for å jobba med elektrifisering av havbruk.

1. april vart åtte personar overført frå Sunnfjord Energi til BKK Enotek som ein del av fusjonen med BKK. 1000 kvadratmeter i eit stort bygg på Sanderplassen er no i ferd med å bli pussa opp som nye lokale for entreprenørverksemda i Førde, og skal vera klart for innflytting i haust.

Kontraktar med Enivest

- Dette blir eit glimrande område for å driva verksemda vår, og det er rom for å utvida. Vi har nyleg vunne to kontraktar med Enivest til ein verdi av nærmare 8 millionar kroner, og eg er optimistisk med tanke på vidare vekst framover. Særleg innan fiber er det stor etterspørsel i marknaden, og derfor har vi behov for å tilsetja fleire, seier Roger Søreide, som er avdelingsleiar for BKK Enotek i Førde, som frå 1. juni vil telja 13 personar.

Avdelingskontoret vart oppretta i samband med fusjonen mellom BKK og Sunnfjord Energi, og Søreide vart då rekruttert frå telebransjen. Han meiner det er viktig å vera til stades lokalt for å få oppdrag.

Lokale kontaktpunkt er avgjerande

- For kundane våre betyr det alt at vi har lokale kontaktpunkt. Dei to kontraktane vi har fått med Enivest er eit resultat av den lokale satsinga, seier Søreide.

Administrerande direktør Helge Rysjedal er klar på at avdelingskontoret i Førde er viktig for å etablera seg i marknaden.

- Det aukar vårt geografiske og forretningsmessige nedslagsfelt. I tillegg vil fusjonen med MultiVolt tilføra oss breiare og komplementær kompetanse. MultiVolt er ein viktig del av satsingane til BKK Enotek ikkje berre i Sunnfjord, Nordfjord og Sogn, men i alle delar av landet der vi har oppdrag, seier Rysjedal.

Nasjonal aktør

BKK Enotek er ein nasjonal aktør med vestlandsfokus. Entreprenørselskapet har avdelingar frå Bergen til Ålesund og leverer ingeniør- og entreprenørtenester innan straumnett, telekom, fiber og belysning. Etter fusjonen med MultiVolt vil det vera rundt 250 personar i selskapet med montørar, ingeniørar og prosjektadministrasjon.

Fleire jobbar innan elektrifisering

I tillegg til tre nye stillingar i BKK Enotek, er selskapet BKK Elektrifisering i sluttfasen med å tilsetja to prosjektressursar som skal jobba med elektrifisering generelt, med hovudfokus på havbruk. Ein vil ha base i Førde og ein i Leirvik.

- Vi ynskjer å styrkja satsinga på elektrifisering av havbruk. MultiVolt har god kompetanse i dag, og vi skal ikkje byggja opp ei konkurrerande verksemd, men henta ressursar frå dette miljøet til utførande arbeid i anlegga, seier Pål Tveitevåg, dagleg leiar i BKK Elektrifisering.

BKK har også oppretta tre nye IT-stillingar i Dale i Fjaler kommune.

Fleksibel på lokasjon

Det er ikkje berre BKK Enotek som lyser ut ledige stillingar no. BKK Produksjon er på leit etter ein produksjonsingeniør, og BKK AS søkjer etter ein rekneskapssjef for faktura og betaling, begge stillingane er i Førde.

- Vi fyller på med nytilsette etter kvart som vi ser at det forretningsmessig er fornuftig. Ambisjonen er 25 nye stillingar etter fusjonen med Sunnfjord Energi. Det tar litt lenger tid enn vi hadde sett for oss, mellom anna på grunn av hard konkurranse om arbeidskraft. Vi har også gjort ei stor omorganisering av nettselskapet vårt, og det har sett nokre nye satsingar litt på vent, seier konserndirektør HR i BKK, Terje Bøe.

I tillegg til nye stillingar har BKK også opna opp for at fleire stillingar som i utgangspunktet høyrer heime ved hovudkontoret i Bergen, kan leggjast til andre av BKK sine lokasjonar. I BKK Nett er det tilsett fleire personar frå Sunnfjord i leiarstillingar for fellesfunksjonar i selskapet.

- Vi legg opp til ei fleksibel linje når det gjeld å plassera stillingar i heile regionen vår, understrekar Bøe.

Her finn du ledige stillingar i BKK.