Me fornyar kraftleidningen Fosse - Kaldestad

Den 8,9 kilometer lange kraftleidningen på strekninga Fosse - Kaldestad vart bygd siste halvdel av 1950-talet. Leidningen vart sett i drift i 1958. Alderen set sitt tydelege preg på leidningen, og han treng difor å fornyast.

BKK starta i 2011 arbeidet med å planleggja ein ny 132 kV kraftleidning til erstatning for den eksisterande 45 kV leidningen. Me hadde møte med grunneigarar og kommunen i 2011, og fekk inn mange nyttige innspel til arbeidet med å finna ein gunstig trasé for leidningen. På grunn av stor utbyggingsaktivitet har me måtta leggja prosjektet på vent. 

BKK varsla i 2011 oppstart av planarbeid for bygging av nye leidningar til erstatning for alle dei tre leidningane Dale-Fosse, Fosse-Kaldestad og Kaldestad-Hodnaberg. Me prioriterer no å søkja om konsesjon for og byggja leidningen Fosse-Kaldestad. Dei to andre leidningane er sett på vent. Me har gjort ei revurdering av kapasitetsbehovet i høve ny kraftproduksjon i området, og finn at det ikkje er eit snarleg behov for å auka kapasiteten på leidningane. Den tekniske tilstanden på leidningen tilseier at det er naudsynt å byggja ny leidning på strekninga Fosse-Kaldestad.

Det er ingen skilnad i kostnader mellom å byggja ny leidning for 132 kV kontra 45 kV, og me vil difor byggja leidningen for 132 kV spenning for å sikra framtidig kapasitet og for å standardisera straumnettet.

Leidningane tener i dag to føremål:
1. Tilknytning av eksisterande vasskraftproduksjon.
2. Reserveforsyning