Me fornyar kraftleidningen Fosse - Kaldestad

Den 8,9 kilometer lange kraftleidningen på strekninga Fosse - Kaldestad vart bygd siste halvdel av 1950-talet. Leidningen vart sett i drift i 1958. Alderen set sitt tydelege preg på leidningen, og han treng difor å fornyast.

BKK starta i 2011 arbeidet med å planleggja ein ny 132 kV kraftleidning til erstatning for den eksisterande 45 kV leidningen. Me hadde møte med grunneigarar og kommunen i 2011, og fekk inn mange nyttige innspel til arbeidet med å finna ein gunstig trasé for leidningen. På grunn av stor utbyggingsaktivitet har me måtta leggja prosjektet på vent. No er framlegg til nye traséar utgreidde, og me vonar å få sendt av garde konsesjonssøknad for 132 kV Fosse-Kaldestad i løpet av første halvår 2015. Alle berørte grunneigarar vil få trasékart tilsendt i god tid før søknad vert sendt.

BKK varsla i 2011 oppstart av planarbeid for bygging av nye leidningar til erstatning for alle dei tre leidningane Dale-Fosse, Fosse-Kaldestad og Kaldestad-Hodnaberg. Me prioriterer no å søkja om konsesjon for og byggja leidningen Fosse-Kaldestad. Dei to andre leidningane er sett på vent. Me har gjort ei revurdering av kapasitetsbehovet i høve ny kraftproduksjon i området, og finn at det ikkje er eit snarleg behov for å auka kapasiteten på leidningane. Den tekniske tilstanden på leidningen tilseier derimot at det hastar å byggja ny leidning på strekninga Fosse-Kaldestad.

Det er ingen skilnad i kostnader mellom å byggja ny leidning for 132 kV kontra 45 kV, og me vil difor byggja leidningen for 132 kV spenning for å sikra framtidig kapasitet og for å standardisera straumnettet.

Leidningane tener i dag to føremål:
1. Tilknytning av eksisterande vasskraftproduksjon.
2. Reserveforsyning

Status og framdrift

Aktivitet 2011 2015 2016 2017 2018
BKK startar planlegging X        
BKK søkjer konsesjon   X      
NVE høyring   X      
NVE vedtak     X    
OED ankehandsaming og rettskraftig vedtak       (x)  
Nytt anlegg i drift         X