Mange straumbrot i jula

Publisert 27. desember 2023

Fleire av BKK sine 270 000 kundar har vore utan straum i jula. – Ein situasjon vi slett ikkje liker og sterkt beklagar, men forklaringa er svært krevjande vêrtilhøve på heile Vestlandet, seier seksjonsleiar og beredskapsleiar Jens Skår i BKK. Mykje tung snø på kort tid har ført til fleire straumbrot ulike plassar.

– Hovudproblemet har vore snølast, altså tung snø som legg seg på linjene våre, seier Jens Skår.

Vêrsituasjonen har også ført til ei rekke andre feil og derfor har alt tilgjengeleg mannskap vore ut på feilsøking og feilretting.

– Arbeidstilhøva har vore ekstremt krevjande med djup og tung snø kombinert med ising. Derfor har det vore vanskeleg å finn feil og rette feil, men i dag 27. desember vil dei fleste få igjen straumen, seier Skår. Men han legg til at det er meld meir krevjande vêr i romjula, og det kan bety nye straumbrot på utsette stader.

Har sett beredskap

– Vi har sett beredskap i BKK fordi situasjonen har vart så lenge og fordi vi ønsker å vere førebudde på det som kjem. Onsdag kveld (28. desember) og natt til torsdag er det meldt kraftig vind i indre og høgtliggande område med påfyll av meir snø, seier beredskapsleiaren i BKK.

I arbeidet med å finne feil er det brukt både helikopter og droner. Særleg dronar er svært effektive hjelpemiddel når det er mykje snø i området.

– Likevel har det teke tid å få straumen tilbake til alle og vi har fått telefonar frå kundar som har lurt på kvifor det tar så lang og kvar tid straumen er tilbake. Særleg i juletider forstår vi at det er krevjande for våre kundar å vere utan straum, men veret styrer vi ikkje, seier Skår.

– BKK har på ulike kommentarfelt fått kritikk for ikkje å ha rydda nok tre og vore godt nok førebudde på det vêret vi har hatt. Kva seier du til den kritikken?

– For det første vil eg seie at det vêret vi har hatt har vore særleg vanskeleg med mykje tung og våt snø på kort tid. Slike situasjonar oppstår ikkje veldig ofte og det vanskeleg å førebu seg på. Så ser vi at vi har hatt ein del trefall, altså tre på linjene. Men vi ser også at fleire av trea står utanfor vår ryddesone, men at tynne og lange tre har lagt seg på linjene likevel på grunn av den tunge snøen, beredskapsleiaren i BKK.

BKK har 270 000 kundar og eit straumnett på om lag 22 500 kilometer. Også andre nettselskap på Vestlandet har hatt utfordringar i jula på grunn av vêret.

Du er kanskje også interessert i:

Se alle nyhetsartikler