Nye, grøne arbeidsplassar og meir miljøvennleg havbruk

Lerøy Sjøtroll, Sunnfjord Energi og BKK er i gang med elektrifisering av 24 oppdrettslokalitetar i Hordaland. Dette gir grunnlag for nye, framtidsretta arbeidsplassar i Sunnfjord og Ytre Sogn. Arbeidet er støtta av Enova.

Publisert 11. juni 2019

Lerøy Seafood Group, der Lerøy Sjøtroll inngår, har i sin langsiktige strategi å få alle lokalitetar i Noreg over frå dieselaggregat til elektrisitet (eller hybridløysingar der elektrisitet ikkje er mogleg).

- Lerøy Sjøtroll har som ambisjon å bruka rundt 50 millionar kroner på elektrifisering av 24 havbrukslokalitetar i løpet av de nærmaste åra, seier Nina Møgster, dagleg leiar for Lerøy Sjøtroll.

- Samarbeid med aktørar som BKK og Sunnfjord Energi passar derfor som hand i hanske med Lerøy-konsernets sitt kontinuerlege berekraftarbeid, seier Møgster.

Bra for miljøet og dei tilsette
I tillegg til CO2-reduksjon vil omstillinga bidra til betre arbeidsmiljø for tilsette i Lerøy Sjøtroll, og for lokalmiljøet gjennom mindre støy og eksos.
Elektrifisering av havbruksanlegg er ofte utanfor kjernekompetansen til havbrukaren og kan vera utfordrande å gjennomføra.

- Det krev energiteknisk kunnskap, tid og ressursar for å elektrifisera anlegg til havs. Det krev store investeringar på den enkelte produksjonseining og ofte nyetablering av el-forsyning på landsida. I det arbeidet er samarbeid med andre kompetansemiljø avgjerande. Vi er derfor godt nøgde med å ha fått til eit samarbeid BKK og Sunnfjord Energi, seier Nina Møgster.

Samarbeid utviklar nye arbeidsplassar
Sunnfjord Energi har erfaring med elektrifisering av oppdrettsanlegg i Hyllestad og Solund. Som ein del av fusjonsavtalen mellom BKK og Sunnfjord Energi, skal ansvaret for elektrifisering av oppdrettsanlegg liggja i Sunnfjord. Fagmiljøa i BKK og Sunnfjord Energi har samarbeida med Lerøy om prosjektet.

- Dette hadde vi ikkje hatt moglegheit til åleine. Samarbeidet med BKK bidrar til å utvikla nye, grøne arbeidsplassar i Sunnfjord og Ytre Sogn, seier Arild Fleten, nettsjef i Sunnfjord Energi.

Viktig innovasjonsarbeid
Saman har kraftselskapa utvikla Energipartner-konseptet der dei prosjekterer, bygg, eig og driftar elektrisk infrastruktur for næringa. Konseptet er unikt i den forstand at det er kraftselskapa, og ikkje kunden sjølv, som står som eigar av den elektriske infrastrukturen. På den måten fungerer Sunnfjord Energi og BKK som ein partnar for aktørar innan havbruksnæringa.

- Vi er stolte over at prosjektmiljøet i Sunnfjord Energi har tatt ei rolle i elektrifiseringa saman med BKK. Det er viktig at overgangen frå fossil til nullutslepp går raskare, og at det er lettare for oppdrettsaktørane å ta del i det grøne skiftet seier Fleten.

Pål Tveitevåg, leiar for elektrifisering i BKK rosar samarbeidet med Lerøy og Sunnfjord Energi:

- Dette er eit viktig innovasjonsarbeid for å nå ambisjonen om å bli størst i Noreg på elektrifisering. Vi vil byggja på den gode kompetansen elektrifisering av oppdrettsanlegg i Sunnfjord Energi. Vi er sterkare saman, seier Tveitevåg.