BKK vurderer vindkraft

- Elektrifisering er eit viktig klimatiltak for å fjerna bruken av fossil energi. Vi treng 30-50 TWh meir fornybar energi for å nå målet om full elektrifisering av fastlands-Norge, og vindkraft vil stå for det meste av veksten, seier Olav Osvoll, konserndirektør Produksjon i BKK.

Publisert 15. november 2018

Olav Osvoll
Olav Osvoll

BKK la i 2014 ned satsinga på vindkraft på land på grunn av manglande lønsemd. Kostnadene for vindturbinar har gått betydeleg ned, og vindkraft er no i ferd med å bli lønsamt sjølv uten subsidiar.

Olje- og energidepartementet har gitt NVE eit oppdrag med å utarbeida eit forslag til nasjonal ramme for vindkraft på land innan 1. april 2019. Formålet med nasjonal ramme er å bidra til at dei beste vindkraftlokalitetane blir valt når det skal søkjast om konsesjon.

- Vindressursen er best i kystnære område, og det er derfor sannsynleg at det vil bli vindkraftutbygging i Hordaland. Dersom nasjonale planar legg opp til utvikling av vindkraft i Hordaland, ønskjer BKK å ta ei industriell rolle i denne utviklinga, seier Osvoll.

Tidleg fase
Delar av Nordhordland ligg inne i eit av analyseområda etter den første grovkartlegginga til NVE. BKK vurderer eit område på Gleinefjellet-Gråsida i Masfjorden kommune. Området ligg om lag 30 kilometer frå Stølsheimen landskapsvernområde og er mindre brukt til friluftsliv i dag. Samtidig er vindforholda bra, og BKK har aktivitet i området i dag.

- Vi kan dra nytte av eksisterande infrastruktur og byggja i eit område som allereie er sterkt påverka av kraftutbygging. Prosjektplanane er framleis i ein tidleg fase. Så langt har vi berre starta ein dialog med grunneigarar og lokale myndigheiter for å prøva å skaffa oss ein moglegheit for å søkja konsesjon for vindkraftutbygging, seier Osvoll.

Lokal verdiskaping
BKK har valt utviklingsselskapet Zephyr som samarbeidspartnar. Foreløpig planutkast er basert på 35 turbinar. Dette talet kan bli justert i vidare utvikling av planane.

- Vindkraft med lokale aktørar som BKK vil gjera at eigarskapet til naturressursane vert verande lokalt. Vi kan sikra eksisterande arbeidsplassar i driftsmiljøet vårt på Matre og utvikle dette vidare med nye arbeidsplassar innan vindkraft. Prosjektet vi ser på ligg innanfor ledig nettkapasitet i området og vil krevja lite ny nettbygging, opplyser Osvoll.

BKK ønskjer ikkje storstilt utbygging i Stølsheimen
All utbygging av energi vil medføra inngrep i naturen. Dersom BKK går inn i eit vindprosjekt, er Osvoll tydeleg på kor viktig det er å ta omsyn til andre samfunnsinteresser.

- Vi har respekt for at Stølsheimen er et attraktivt turområde. Vi ønskjer ikkje ei storstilt utbygging av vindkraft i Stølsheimen. Prosjektet vi vurderer er mellom 200 og 300 megawatt. Det er betydeleg mindre enn Norsk Vind Energi som har planar for Europas største vindpark med 1500 megawatt, understrekar Osvoll.

Har invitert turlaget til dialog
- Ein konsesjonsprosess vil utgreia alle relevante konsekvensar av ei eventuell utbygging, både fordelar og ulemper. Så blir det opp til myndigheitene å avgjera om prosjektet totalt sett er positivt for samfunnet, seier Osvoll.

BKK har invitert Bergen og Hordaland Turlag til eit møte for å informera om planar for vindkraft og få innspel.

- For oss er det viktig å ha ein god dialog med turlaget og andre aktørar, sjølv om vi kan ha ulike interesser, seier Osvoll.

Planområde for prosjektet.
Planområde for prosjektet.