Dam Hamlagrøvatnet

Nåledammen frå 1931 i Hamlagrøvatnet er moden for utskifting. BKK starta i mai 2018  arbeidet med å byggja ein ny overløpsdam av betong til erstatning for den gamle nåledammen, som ligg på grensa mellom Voss kommune og Kvam herad.

Den gamle nåledammen oppfyller ikkje gjeldande krav i damforskrifta og skal skiftast ut med ein ny dam i betong.
Den gamle nåledammen oppfyller ikkje gjeldande krav i damforskrifta og skal skiftast ut med ein ny dam i betong.

Ifølgje damforskrifta til Norges vassdrags- og energidirektorat er det ikkje lenger tillatt å ha slike nåledammar. Nåledammar er dessutan krevjande å regulera når det er flaum. I tillegg til ny overløpsdam av betong vert det bygt ein mur/betongdam på venstre sida av overløpsdammen, framfor hytta som ligg der.

Skisse av ny overløpsdam i betong.
Skisse av ny overløpsdam i betong.

Betongdammen vil verta om lag 50 meter lang og vil gå som ein boge inn i magasinet. Toppen på terskelen vil vera lik høgaste regulerte vasstand (HRV). Ei ny gangbru for turgåarar vil koma om lag på same stad som dagens gangbru.

 Det blir ingen endring i lågaste (LRV) eller høgste regulerte vasstand (HRV).

 Anleggsarbeidet starta 20. mai og skal vera ferdig i oktober 2018. For å kunna utføra byggjearbeidet på ny dam må vasstanden i Hamlagrøvatnet vera noko lågare enn HRV.

I anleggsperioden kan det verta ulemper for hytteeigarane i området i form av støy og støv.

Kontaktperson:
Prosjektleiar Sigve Næss, e-post sigve.ness@bkk.no, mobil 926 84 108.

Arbeid med den nye overløpsdammen (03.07.18)
Arbeid med den nye overløpsdammen (03.07.18)
Den nye dammen til venstre, medan den gamle nåledammen ligg til høgre i bildet. (03.07.18)
Den nye dammen til venstre, medan den gamle nåledammen ligg til høgre i bildet. (03.07.18)
Ein murdam vert bygd framfor hytta, til venstre for overløpsdammen. (03.07.18)
Ein murdam vert bygd framfor hytta, til venstre for overløpsdammen. (03.07.18)