Herfangen

Ei overføring av nedbørsområda til Flatavatnet, Klenavatnet og Smørtjørna i Vaksdal kan gje inntil 18 GWh ny kraftproduksjon i Samnanger.

BKK har redusert omfanget av den planlagde overføringa av vatn frå Vaksdalsvassdraget til kraftproduksjon i Samnanger. Det gir betre lønsemd, raskare gjennomføring og mindre naturinngrep.

Søkte konsesjon sommaren 2014
Prosjektet som vart meldt til NVE i 2012 kunne ha gitt inntil 73 GWh auka kraftproduksjon. Sommaren 2014 søkte BKK konsesjon for den nye planen, der kraftproduksjonen i Samnanger vil auka med om lag 18 GWh.
Konsesjonssøknaden kan du lesa her. 

Låge kraftprisar i åra framover er bakgrunnen for at BKK går inn for ei mindre utbygging. No er det berre Flatavatnet, Klenavatnet og Smørtjørna som vert overført til Herfangen. Desse overføringane omfattar eit nedbørsområde med årleg tilsig på 15 millionar kubikkmeter, medan overføringane i den gamle planen utgjorde 55 millionar kubikkmeter. Noko av dette vatnet har tidlegare naturleg runne mot Samnangersida. Restvassføringa i elva ved utløpet til fjorden i Vaksdal er utrekna til å verta 89 prosent i gjennomsnitt samanlikna med dagens vassføring.

Dei nye planane gir langt mindre inngrep i naturen. Vi har ikkje behov for vegar eller nye tunnelar. Utbyggingskostnadane går derfor vesentleg ned, og dette er nødvendig for at prosjektet skal vera lønsamt.

Nytt namn på prosjektet
Prosjektet har også fått nytt namn «Overføring til Herfangen. Flatavatnet, Klenavatnet og Smørtjørna». Vi har bytta namn på prosjektet for å understreka at det skil seg vesentleg ut frå det opphavlege prosjektet.

Kontaktpersonar

BKK

Louise Andersen, prosjektleiar
Tlf.: 55 12 90 41 
louise.andersen@bkk.no

Fredrik Falkgård, kontaktperson for grunneigarar m.fl.
Tlf.: 55 12 74 09
fredrik.falkgard@bkk.no

Jarle Hodne, presse/kommunikasjon
Tlf.: 55 12 71 39
Mobil: 922 80 518
jarle.hodne@bkk.no

NVE

Jakob Fjellanger, sakshandsamar
Tlf.: 22 95 92 13
jfj@nve.no