Horgaset

BKK vil overføra vatn frå fire bekkar i Teigdalsvassdraget til Evanger kraftverk i Voss kommune. Den valde løysinga vil både gje betydeleg meir fornybar energi og betre forhold for laks og sjøaure.

Kraftproduksjonen vil auka med om lag 33 GWh, som tilsvarar forbruket i 1650 einebustader.

Kraft som kan lagrast
Prosjektet omfattar to bekkar ved Horgaset og to i Bjørndalen. Overføringstunnelen vil bli om lag 4,3 kilometer lang og skal koplast på driftstunnelen til Evanger kraftverk i Bjørndalen.

Med dette prosjektet får BKK ei meir effektiv utnytting av eksisterande anlegg. Vi får meir regulert kraft utan å byggja nye magasin eller kraftverk. Fordelen med regulert kraft er at den kan lagrast og brukast når behovet er størst.

Positiv for fisk
Av omsyn til laks og sjøaure er det planlagt minstevassføring og to tersklar i Teigdalselva. Minstevassføringa vil koma frå det regulerte Volavatnet, og dette vil sikra vatn også i tørre periodar.

I dei mest kritiske periodane om hausten og vinteren, vil Teigdalselva dermed få meir vatn etter ei utbygging enn det er i dag. I konsekvensutgreiinga har prosjektet kome på den positive delen av skalaen når det gjeld laks og sjøaure.

BKK ynskjer å ha ein god dialog med grunneigarane i området og lokale interesseorganisasjonar. Det har vore fleire møte med lokale aktørar der vi har diskutert prosjektet, gått gjennom viktige konsekvensar og fått innspel til vidare arbeid.

Konsesjonssøknad
Konsesjonssøknaden kan du lesa her.

Kart
Oversiktskart over utbyggingsområdet

Kontaktpersoner

BKK

Louise Andersen, prosjektleiar
Tlf.: 55 12 90 41
louise.andersen@bkk.no

Fredrik Falkgård, kontaktperson for grunneigarar m.fl.
Tlf.: 55 12 74 09
fredrik.falkgard@bkk.no

Jarle Hodne, presse/kommunikasjon
Tlf.: 55 12 71 39
Mobil: 922 80 518
jarle.hodne@bkk.no


NVE

Stein Wisthus Johansen, sakshandsamar
Tlf. : 22 95 98 34
swj@nve.no