Vossadalsvatnet vil ikkje verta regulert, og vasstanden vert den same etter ei overføring. (Foto: Svein Ulvund.)
Vossadalsvatnet vil ikkje verta regulert, og vasstanden vert den same etter ei overføring. (Foto: Svein Ulvund.)

Vossadalsvatnet

BKK har søkt konsesjon for å bruka Vossadalsvatnet i Kvam til kraftproduksjon i Samnanger. Ved å overføra vatnet kan eksisterande kraftverk utnyttast, utan behov for nye demningar eller kraftleidningar.

Vossadalsvatnet høyrer i dag til Øystesevassdraget. Etter ei overføring til Samnangervassdraget kan kraftverka i Samnanger auka produksjonen med over 40 GWh årleg.

Skånsam utbygging
Overføringa er skånsam for naturen. Vossadalsvatnet vil ha same vasstand som før og inntaket vert skjult. Men i Øystesevassdraget vil vassføringa verta redusert, særleg like nedanfor Vossadalsvatnet. Som eit avbøtande tiltak vil det verta minstevassføring i elva heile året, og i tursesongen er minstevassføringa no tredobla i høve til det opprinnelege forslaget. Her kan du sjå korleis vassdraget ser ut med vassføring tilsvarande minstevassføring etter overføring av Vossadalsvatnet.

Ved utløpet i Hardangerfjorden vil restvassføringa vera om lag 73 prosent av det den er i dag.

Verdifulle magasin
Planane til BKK inneber at det overførte vatnet kan lagrast i magasina i Samnangervassdraget. På den måten kan vatnet sparast til periodar når behovet for energi er størst.

Vasskraft med magasin har ein stor fordel framfor både småkraft og vindkraft der det ikkje er mogleg å lagra energien for seinare bruk.

Auken i fornybar energi kan også bidra til eit betre klima ved at fossile energikjelder kan fasast ut.

Regjeringa avgjer
BKK sendte inn søknaden om konsesjon i juni 2012. NVE har gitt positiv innstilling til prosjektet. Til slutt er det regjeringa som avgjer konsesjonssøknaden .

Kontaktpersonar

BKK
Arne Andreas Riisnes, prosjektleiar
Tlf.: 55 12 71 89
Mobil: 971 00 247
arne.riisnes@bkk.no

Fredrik Falkgård, kontaktperson for grunneigarar m.fl.
Tlf.: 55 12 74 09
fredrik.falkgard@bkk.no

Jarle Hodne, presse/kommunikasjon
Tlf.: 55 12 71 39
Mobil: 922 80 518
jarle.hodne@bkk.no

NVE
Jakob Fjellanger, sakshandsamar
Tlf. 22 95 92 13
jfj@nve.no