Endra nettleige frå 1. juli 2023
Publisert 04. juni 2023
Frå 1. juli aukar BKK nettleiga. - Ein generell prisauke i samfunnet betyr direkte auke i våre driftskostnader, seier Arild Fleten, konstituert administrerande direktør i BKK.

- Vi har også opplevd ein kraftig auke i prisane på dei komponentane vi bruker til utviding og fornying av nettet. Vår jobb er å eige og vedlikehalde straumnettet slik at straumen kjem fram til alle våre kundar. I tillegg investerer vi i nytt nett og då er det dessverre nødvendig å auke nettleiga, seier Arild Fleten.
Eit nettselskap verken kjøper eller sel straum. Dei årlege inntektene til BKK blir fastsett av styresmaktene i ein kostnadskonkurranse med dei andre nettselskapa i landet, og nettleiga blir fastsett i samsvar med dette.
-Vår ambisjon er å halde nettleiga så låg som mogeleg. Nettleiga dekker drift og vedlikehald av eksisterande nett, investeringar i nytt nett og andre driftskostnader. Våre utgifter har auka kraftig i år og derfor må vi gå til det skritt å auke nettleiga frå 1. juli, seier Fleten.
Her er nokre priseksempler
Leilighet, forbruk 8000 kWh
- Et årsforbruk på 8000 kWh gir i dag en årlig nettleie på ca. 6000 kr. Med den nye satsen fra 1. juli vil nettleien bli ca. 6750 kr.
Rekkehus, forbruk 15000 kWh
- Et årsforbruk på 15000 kWh gir i dag en årlig nettleie på ca. 9750 kr. Med den nye satsen fra 1. juli vil nettleien bli ca. 10900 kr.
Enebolig, forbruk 25000 kWh
- Et årsforbruk på 25000 kWh gir i dag en årlig nettleie på ca. 15200 kr. Med den nye satsen fra 1. juli vil nettleien bli ca. 17000 kr.
Utsett auke i fjor
Sist BKK auka nettleiga var 1. mai i 2022. Uvanleg høge straumprisar i fjor gjorde situasjonen svært utfordrande for nettselskapa. Høge straumprisar betyr høgare utgifter også for oss. Ei ekstraløyving frå Regjeringa gjorde at nettleiga ikkje vart auka i fjor haust, slik mange nettselskap hadde varsla.
- Hovudoppgåva vår er å sjå til at alle får straum til lågast mogeleg kostnad, og løyvinga frå Regjeringa var viktig. No er det uro i verdsøkonomien og ein generell kostnadsauke i samfunnet som påverkar oss kraftig, seier Arild Fleten.
BKK har 270 000 kundar. Nettleiga varierer med forbruket. Mindre forbruk betyr lågare nettleige.
Du er kanskje også interessert i:

Aktuelt
Skanner 4000 km høyspenningslinjer
Publisert 07. juli 2023

Aktuelt
BKK bruker årlig over en milliard kr på strømnettet
Publisert 08. mars 2023

Aktuelt
Så enkelt sparer du strøm
Publisert 08. mars 2023

Aktuelt
Vi kontrollerer høyspenningslinjer i strømnettet
Publisert 12. februar 2023

Aktuelt
HAN-porten kan gi deg mulighet for strømstyring
Publisert 02. januar 2023