Unik miljøprosjekt i Samnangervassdraget

- Eg er overraska over kor lita vassføring som skal til for å ivareta omsynet til både fisk, estetikk og utøving av sportsfiske, seier Geir Helge Johnsen i Rådgivende Biologer.

BKK har bygd tersklar for å oppretthalda vasspegelen og sikra gode levevilkår for fisken i Storelva. Dette biletet viser celletersklane ved Tysseland med vassføring på 180 liter per sekund.

Som første kraftselskap i Norge har BKK utgreidd alternativ til minstevassføring i eit utbygd vassdrag. Målet er å ta større omsyn til naturens behov, og samtidig få ei mer fleksibel vassføring.

På oppdrag frå BKK har Rådgivende Biologer undersøkt Storelva i Samnangervassdraget. Konklusjonen er at tersklar meir enn halverer behovet for vassføring for å oppnå tilstrekkeleg vassdekt areal i elva.

I konsesjonen for Samnangervassdraget frå 2001 vart det opna for å vurdera alternativ til minstevassføring. Følgjande tanke låg bak:

  • Betre forhold for fisken
  • Større samanhengande vassflater
  • Redusert tap av produksjon for BKK
  • Oppretthalda inntektene for anleggskommunane Samnanger og Kvam

BKK bygde tersklar og utførte tiltak for å letta oppvandring av vaksen fisk. I 2005 starta årlege målingar av vassføring, vasstemperatur, vasskvalitet, botndyr og fisk. Prosjektet vart avslutta hausten 2011.

Banebrytande prosjekt

- Konklusjonen vår er at det er behov for ei minstevassføring på 200 liter om sommaren og 100 liter om vinteren frå Fiskevatnet. Dette er langt mindre enn det opphavlege kravet frå NVE og Fylkesmannen på 500 liter i sekundet, seier Johnsen.

Han fortel at det ikkje er gjort tilsvarande undersøkingar tidlegare av alternativ til minstevassføring i regulerte vassdrag. Langs Storelva har BKK i dag fire kraftverk: Kvitingen, Grønsdal, Myra og Frøland. Samla årsproduksjon er 452 GWh, som tilsvarar forbruket i om lag 22 500 einebustadar.

I tillegg til BKK og Rådgivende Biologer har Fylkesmannen i Hordaland, Noregs vassdrags- og energidirektorat, Samnanger kommune og Samnanger jeger- og fiskarlag tatt del i prosessen og gitt nyttige innspel undervegs.

 

Håp om meir laks

I dei øvre delane av vassdraget har tersklar vist seg å fungera godt åleine. Men i nedste del av Storelva er elvebotnen så grov at vatnet kunne forsvinna i tørre periodar. I kombinasjon med tersklar vil ei lita minstevassføring sikra tilstrekkeleg vassdekt areal.

- Med foreslått minstevassføring vil det vera nok vatn til å sikra gode forhold for fisken, og det vil ivareta omsynet til det estetiske. For at vaksen fisk skal gå opp i vassdraget, må det meir vatn til. Men det vil vi få i periodar med nedbør og stort naturleg tilsig. Dermed vil det også bli stor fisk oppe i elva, slik sportsfiskarane etterspør, påpeikar Johnsen. Tersklane sikrar også opphaldsstader for gytefisken i periodane med lita vassføring i elva.

Sjøaure og laks kan gå opp Storelva til like overfor Langeland. Dei siste åra har det vore lite laks, men det er observert ein auke i talet på yngel dei siste åra.

Gir straum til 600 einebustader

Redusert behov for minstevassføring medfører at meir vatn kan nyttast til kraftproduksjon.

- For BKK betyr den auka kraftproduksjonen 12 GWh ekstra med kraftverka vi har i dag. Det tilsvarar forbruket i om lag 600 einebustader, seier Per Vidar Halsnes, vassdragsteknisk ansvarleg i BKK.

BKK har no sendt no inn søknad til Olje- og energidepartementet om at tersklane permanent skal fungera som alternativ til ordinær minstevassføring.