Beinhelleren

BKK har søkt konsesjon for Beinhelleren pumpe, som vil gje meir regulert kraft i Evanger kraftverk. Produksjonsauken på 38 GWh er like stor som energiforbruket i 1900 bustader.

Ved å installera ei pumpe i Beinhelleren kan vatnet løftast 100 meter opp til driftstunnelen som går til Evanger kraftverk. Vatnet får då 779 meter fall ned til Evanger. Her kan du lesa konsesjonssøknaden.

Miljøomsyn har redusert utbyggingsplanane
Utbyggingsplanane er kraftig redusert frå prosjektet starta opp. Miljøomsyn og økonomiske vurderingar er bakgrunnen for at dei mest omfattande utbyggingsalternativa er lagt bort. BKK står no igjen med to alternativ for å overføra vatn til Evanger kraftverk (i prioritert rekkefølgje):

Alt. E: Beinhelleren pumpe med overføring frå Kvanndalselvi til Beinhellervatnet. Overføring frå bekk i Urdadalen til Kvanndalsvatnet, der vatnet i dag vert tatt inn på driftstunnelen til Evanger kraftverk.

Alt. D: Overføring frå bekk i Urdadalen til Kvanndalsvatnet, der vatnet i dag vert tatt inn på driftstunnelen til Evanger kraftverk. Overføring frå bekk ved Heimste Kvanndalsvatnet direkte inn på driftstunnelen til Evanger kraftverk.

Stor fordel med magasin
Den nye produksjonen er regulert, slik at energien kan lagrast og brukast når behovet er størst som på kalde vinterdagar. Dette er energi som både sikrar ei trygg straumforsyning og gir auka verdiskaping, samtidig som prosjekta bidrar til å oppfylla nasjonale mål om meir fornybar energi og effektiv ressursbruk i allereie regulerte vassdrag.

Konsesjonssøknaden, konsekvensutgreiingane og brosjyre med kart finn du ved å gå inn på Publikasjonar nedst på denne sida.

Kontaktpersonar

Her finn du kontaktpersonar i BKK og NVE.

BKK
Fredrik Falkgård, kontaktperson for grunneigarar m.fl.
Tlf.: 55 12 74 09
fredrik.falkgard@bkk.no

Jarle Hodne, presse/kommunikasjon
Tlf.: 55 12 71 39
Mobil: 922 80 518
jarle.hodne@bkk.no

NVE
Stein Wisthus Johansen
Tlf: 22 95 98 34
swj@nve.no