Tverrelvi

To kraftverk og ei ny overføring til Evanger kraftverk kan gje 117 GWh vasskraft årleg, utan behov for nye magasin. Dette er nok straum til å dekkja forbruket i 5850 einebustader.

Olje- og energidepartementet har gitt BKK konsesjon til å overføra delar av nedbørfelta til Tverrelvi og Muggåselvi til Evanger kraftverk. I tillegg er det gitt konsesjon til å utnytta restvassføringa i elvene i to kraftverk.
Årleg kraftproduksjon for utbygginga i Tverrelvi/Muggåselvi vil vera 117 GWh. 84 GWh er knytt til overføringa og gir regulerbar kraft i Evanger kraftverk.

I mars 2013 sendte BKK inn konsesjonssøknad for prosjektet til Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), og i mars 2019 vart søknaden innvilga. Utbyggingsområdet ligg i Voss kommune. BKK har inngått avtale med dei fleste grunneigarane 

Kontaktpersonar

BKK

Fredrik Falkgård, kontaktperson for grunneigarar m.fl.
Tlf.: 55 12 74 09
fredrik.falkgard@bkk.no

Jarle Hodne, presse/kommunikasjon
Mobil: 922 80 518
jarle.hodne@bkk.no


NVE

Stein Wisthus Johansen, sakshandsamar
Tlf.: 22 95 98 34
swj@nve.no