Vindkraft i Masfjorden vil gi 10-12 arbeidsplassar i BKK

- Matre vindkraftverk vil gi 10-12 årsverk i BKK på Matre. Vårt prosjekt vil sikra at verdiane av prosjektet blir igjen i regionen, sa konserndirektør Olav Osvoll, til ein fullsett kommunestyresal på Masfjordnes i går.

Publisert 9. mai 2019

Visualisering av vindturbinar på Gleinefjellet, sett frå E39.
Visualisering av vindturbinar på Gleinefjellet, sett frå E39.

NVE la 1. april fram eit utkast til nasjonal ramme for vindkraft på land, som Olje- og energidepartementet har sendt på høyring. Som eit ledd i dette hadde Masfjorden kommune invitert utbyggjarar, tilhengjarar og motstandarar av vindkraft til kommunestyremøtet på torsdag, og mange frå lokalsamfunnet hadde møtt opp på det opne møtet.

Kommunen vedtok å setja ned eit utval som skal laga ein høyringsuttale, men uttrykte samtidig tydeleg motstand mot vindkraft i kommunen. Politikarane skal vedta den endelege uttalen på neste kommunestyremøte den 24. juni.

Lyttar til kommunen
- Vi lyttar til kommunen og legg vekt på lokale innspel. Samtidig er dette ein nasjonal prosess der utgangspunktet er klimautfordringar og eit stort behov for meir fornybar energi, slik at vi kan få bort den fossile energibruken i Norge. Nasjonal ramme legg opp til vindkraftutbygging i vårt nærområde, og det ynskjer BKK å ta del i. Dersom vi trekkjer oss ut, vil andre ta denne posisjonen, seier Osvoll.

BKK har eit samarbeid med utviklingsselskapet Zephyr om vindkraft. Det er ikkje sendt inn melding til NVE om prosjektet, og det vil heller ikkje bli gjort før endeleg nasjonal ramme for vindkraft er vedtatt. Høyringsfristen er 1. oktober.

Unngår dei mest brukte turområda
For å koma fram til eit godt utbyggingsområde har BKK og Zephyr lagt vekt på å unngå dei mest brukte turområda, og ein har sett på nærleik til eksisterande infrastruktur og område som allereie er prega av vasskraftutbygging og kraftleidningar. Planområdet for Matre vindkraftverk er rundt 20 kvadratkilometer og ligg i fjellområda nær Matre, og omfattar mellom anna Gleinefjellet og Gråsida.

Produksjonen vil vera rundt 800 GWh med ein effekt på 250 – 300 MW, som er innanfor kapasiteten i straumnettet. Det er lagt opp til rundt 40 turbinar.

Gir store verdiar lokalt
BKK og Zephyr vil investera rundt tre milliardar kroner i prosjektet. Norconsult har laga ein samfunnsøkonomisk analyse som viser at vindprosjektet vil gje store positive ringverknader lokalt. Næringslivet i Masfjorden vil i driftsfasen kunna levera varer og tenester for om lag 40 millionar kroner som følgje av ei eventuell utbygging.

- Masfjorden kommune vil få 17 millionar kroner i eigedomsskatt. Det er like mykje som det kostar å driva alle barnehagane til kommunen, sa Osvoll då han presenterte prosjektet for kommunestyret.